Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Ørskog

Type tur

Fottur

Gradering

XXX Rød

Lengde tur/retur (km)

11

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Snaufjellet i mars, flott varde på toppen
Utsikt frå Snaufjellet i januar, sola står lavt over Sykkylvsfjella

Snaufjellet

Fotograf: Hilde Sørdal

Kvifor gå denne turen?

Middels tung tur på ca.11 km. tur/retur med god stigning frå ca 90 m.o.h. til toppen på knapt 900 m med start frå Giskemosaga. Følg merking til Lisetsetra og Snaufjellet. Ope og triveleg turterreng frå Lisetsetra på merka rås. Snaufjellet er også eit fint turmål på ski, og snøen kan ligge litt ut i mai over snøgrensa.
Ein flott varde er mura opp like sør for høgste platået. Det er flatt og fint på toppen av Snaufjellet, men bratt mot nord. Her heng skavlar vinter og vår. Frå toppen er utsikta framifrå, søraustover mot Vaksvikfjella, Stordalsfjella og Stranda sentrum. Vidare ser ein fleire av dei kjente fjella i Hjørundfjorden og i vest mot Ålesund og øyane utanfor.

Kvar i terrenget går turen?

Start på Giskemosaga like ved fylkesvegen over Giskemo, rett sør for brua på Valgermo. Følg skilting til Lisetsetra og Snaufjellet. Starten går på traktorveg opp gjennom tett granskog. Elva Øyagrova kan vere litt vanskeleg å passere i mai når snøen smeltar. Merkepinnar viser vegen frå Lisetsetra og vidare opp mot toppen. Frå Lisetsetra er terrenget ope med god utsikt. Returen kan ein gjerne gjere i retning Høgsætra slik at du får ein fin rundtur. Da må du følgje ryggen ned mot tovardane før du tek av mot Høgsetra. Frå Høgsetra er det merka tilbake til Giskemosaga. Det lettaste er å gå same veg tilbake til Lisetsetra og Giskemosaga.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Ta av frå fylkesveg 103 Giskemo på sørsida av brua over Ørskogelva. Veg til Giskemosaga og lunneplass. Skilta mot Lisetsætra, Høgsetra og Snaufjellet.

Kvar kan du parkere?

Giskemosaga

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Traktorveg 4
God sti 4
Dårlig sti 3
Lengde tur/retur (km) 11
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 360 14
Total stigning 800 Høydemeter

Offentlig transport

Fram ekspress til Valgermo.

Mobildekning

Ja

Kart

Ørskogfjellet