English

Slokevatnet, Kyrkjevegen

Sande

Kort om turen

Slokevatnet er eit fint turmål med moglegheiter til bading og leik ved vatnet. Her er også tillaga grue så ein kan tenne opp bål og grille. Du får også gå Kyrkjevegen og kan stikke innom ein hellar på denne turen. 

Ruteskildring

Frå Almestad: råsa byrjar på austsida av grushola, går så gjennom skogen,over elva og over myrane og opp Kyrkjevegen. Sjå bilete på turen til Vasshornet. Råsa går over nokre bratte berg øvst i Kyrkjevegen, når du har passert dei tek du til høgre ved skiltet Vasshornet Slokevatnet. Ca 80 m overfor skiltet i retning mot Vasshornet ligg det ein hellar bak og under ein stor stein, inngangen er på austsida av steinen.(Sjå omtale på turen til Vasshornet.) Fra skiltet går du over myrane, og på nordsida av Tødenesvatnet og vidare over myrane til Slokevatnet.

Frå Tødeneset: råsa startar ved garasjen og går bratt opp gjennom skogen. Når du kjem oppom skogen går råsa over berg og gjennom ei steinrøys. Råsa kjem opp på søraustenden av vatnet. Her er det flott utsikt over Rovdefjorden og Rovdefjella.

Råsa er godt merka og skilta.

Tilkomst og parkering

Frå Almestad, ta av frå fv 61 ca 100m aust for 60-sone-skiltet på Almestad. Køyr ned ein traktorveg til ei grushole, parker her. Frå Tødeneset, ta av frå fv 61 ved ferjekaia i Årvika og køyr ca 4 km austover til du kjem til Tødeneset, ved siste huset er der ein garasje på nordsida av vegen, her startar råsa. Her er ein liten parkeringsplass (privat). Beste parkering er på Freyparkeringsplassen i Oksavika (900 m å gå til turstart). Det er også ei lomme du kan parkere på før Tødeneset. (300 m å gå)
Fottur
Grønn
Lengde
2,89 km en vei
Stigning
0 m
Tidsbruk
2 t. 0 min
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
260 moh
Merking
Både skiltet og merket

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 3

Anna

Dersom ein har moglegheit til det kan turen vere ein fin overgangstur, frå Almestad til Tødeneset eller omvendt, dette er fint dersom ein er 2 eller fleire familier. Då kan ei gruppe starte på Almestad og ei gruppe I Tødeneset og møtast ved Slokevatnet og gå ned på motsatt side. Ein får då gått heile Kyrkjevegen. Ca 2,9 km som overgangstur, ca 1,7 km frå Almestad til Slokevatnet, ca 0,9 km frå Tødeneset til Slokevatnet.

Kart

Turkart Ytre Søre Sunnmøre, M711 1119 III Vanylven, Sunnmorskart.no
Køyreskildring
Print ut