English

Sloka via Uglesætra

Ulstein

Kort om turen

Sloka ligg på Dimnøya og er ein fin tur i lett terreng som passer godt for barnefamilier.På veg mot turmålet ligg det eit gamalt restaurert sætrehus og området rundt er tillaga som leikeområde for barn i alle aldrar. Her er klatretre og mange underlige figurar langs stien mot Sloka. Benker og bord der ein kan slappe av og spise nista si. Rett og slett eit eldorado for barn. Grunneigarane ved Uglesætra har innført totalt bålforbud!

Ruteskildring

Frå parkeringsplassen går du ca. 200m vestoverpå vegen, når du kjem forbi første husa på øversida av vegen går stien opp gjennom skogen. Stien er godt merka med skilt med Uglesætra på. Når du kjem eit stykke opp i skogen fylgjer råsa ein gamal kløverveg heilt opp til Uglesætra. Her i frå går du 500m vestover mot Ugleskogen og Slokavatnet til du finn posten. Her er det flatt terreng og god sti.

Tilkomst og parkering

Køyr fv. 61 sørover frå Ulsteinvik, ta av i vegkryss skilta mot Dimna, fv 26, køyr 1,4 km, ta til venstre i vegkryss skilta mot Ertesvåg, køyr 1,9 km. Parkeringsplass på venstre sida av vegen, parker her. Parkeringsplass 200m frå der stien starter.
Fottur
Grønn
Lengde
2,4 km tur/retur
Stigning
0 m
Tidsbruk
40 min.

Løype på kart

Køyreskildring
Print ut