Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Ørsta

Type tur

Fottur

Gradering

XXXX Svart

Lengde tur/retur (km)

7,4

Lengde en vei (km)

3,7

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Utsikt mot aust, Patchellhytta midt i bildet, Smørskredtindane til høgre
Hendene må brukast det siste stykket mot toppen
Slogen, dei siste høgdemeterane er bratte
Norangsfjorden og Urke sett frå toppen

Slogen frå Øye

Kvifor gå denne turen?

Slogen er ein av dei mest besøkte toppane i Sunnmørsalpane. Den står på topp 10 lista over beste fjellturar i Norge. Du har ei fantastisk utsikt frå Slogen, ut Norangsfjorden i vest, mot Brekketindane i nord, mot Smørskredtindane i aust og mot Jakta i sør. Turen til Slogen er hard for føtene, du har ei gjennomsnittstigning på 22 grader frå parkeringsplassen til toppen og ca 38 grader i snitt dei siste 100 meterane med eit parti på 10 meter med opp mot 60 grader, så det siste stykket krev enkel klyving, men det går fint uten sikring. Når du er oppkomen er det vel verdt slitet, du har ei fantastisk utsikt. Er der mykje folk så vent på tur, der bør ikkje vere meir enn ca 10 personar på det lisje topplatået i ein gong. Sjå også turen Slogen frå Patchellhytta på Stranda kommune.

Kvar i terrenget går turen?

Denne turen går etter det som er heiter Slogråsa. Frå parkeringsplassen går du over vegen og opp forbi eit hus og mot aust over dyrkamarka til du kjem til ein vårfjøs, då tek du til venstre opp gjennom skogen, råsa er god å finne heilt opp til toppen, når du kjem til ca kote 600 finn du einaste plassen på heile turen du kan finne vatn, om sommaren kan denne kjelda vere tørr. Vidare går råsa oppover i bratt, men lett terreng, når du kjem opp på kanten austa på Slogen på ca kote 1200 kjem du inn på råsa som kjem frå Patchellhytta, her er ein fin plass å stoppe og studere ruta til resten av turen. Herifrå går råsa for det meste på stein og berg, Tidleg på året kan det også hende at du må krysse snøbreear her oppe. Råsa går no vestover mot toppen, når du har igjen den siste bratte kneiken opp til toppen kan det vere ein fordel å stoppe og ta ruta i augesyn og velje seg ut kvar ein skal gå, også sjå kvar andre turgåarar legg ruta både opp og ned for her må du vere trygg på rutevalget og bruke hendene som sikring. Er der mykje folk på toppen så vent på tur, der er plass til ca 10 personar på topplatået i ein gong.

Lenke til turbeskrivelse

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Frå vest: E39 til Ørsta, ta av i Ørsta sentrum skilta til Sæbø og køyr fv 655 til Sæbø og ta ferje til Leknes og køyr fv 655 til Øye, ca 1 km austapå Øye sentrum finn du parkeringsplassen på høgre side av vegen.
Frå aust: Ta av frå fv 60 ca 4 km vestapå Hellesylt og køyr fv 655 mot Øye og stopp på parkeringsplass på venstre side av vegen ca 1 km før Øye sentrum. Parkeringsavgift.

Kvar kan du parkere?

Parkeringsplass på sørsida av fv 655 der råsa startar. Parkeringsavgift.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 7
Røtter / steiner 1,6
Lengde tur/retur (km) 7,4
Lengde en vei (km) 3,7
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 10 60
Bratteste helning ned 10 60
Total stigning 1570 Høydemeter

Spesielle forhold

Ta med drikke, det er vanskeleg å finne drikke i nærleiken av råsa.

Kart

Sunnmørsalpane aust, M711 1219 III, sunnmorskart.no