Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Sledalen- Bakkedalen

Om turen

Gradering

Kommune

Ørsta

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde tur/retur (km)

7 km

Lengde en vei (km)

3,5 km.

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Bakkedalen
Bjønnafurua
Turbokkassa på Skjerva
Kart over området.
Merking i myrlendt område
Frå Skjerva mot Bakkedalen

Sledalen- Bakkedalen

Fotograf: Even Kåre Holte

Kvifor gå denne turen?

Fin tur i lett terreng mellom dei 2 sætredalane Sledalen og Bakkedalen. Passar godt for barnefamiliar.
Høgaste punktet er på Skjerva ( 405 m.o.h ), der det er turbokkasse.
Ruta er merka med raudmala pinnar i trea i skogen og med raudmala trestolpar nedslått i marka i ope og myrlendt terreng. Det er også mala raudmaling på nokre steinar. Noko tett fonnskog eit stykke, men er godt rydda no.

Kulturminne

Gamle sel på Støylane både i Sledalen og Bakkedalen.
Tett ved Skjerva kan ein ta ein liten avstikkar til Bjønnafurua.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Dersom ein skal starte i Sledalen , tek ein av ved kufella framom Skjåstad og køyrer ca. 3,5 km på bra bilveg opp til sommarfjøsen på Bjørkestøylen. Kr. 30 i bompengar. Her kan ein parkere i området rundt fjøsen. Så går du ca. 700 meter på traktorveg på oppsida av dyrkamarka før du kjem til eit skilt som viser starten på den merka råsa til Bakkedalen.
Dersom ein skal starte i Bakkedalen, køyrer ein forbi skulen på Bjørke, for så å svinge til venstre mot Finnes. Køyr ca. 2,5 km til Finnes for så å ta av oppover grusveg mot Bakkedalen. Bompengar kr. 45 som du betalar litt oppom gardane på Finnes. Ved enden av Bakkedalsvatnet ligg Bakkedassætra. Her kan du parkere ved sommarfellesfjøsen som ikkje lenger er i bruk. Den merka ruta mot Sledalen startar i vegkrysset rett oppom første hytta på Støylen.

Kvar kan du parkere?

I Sedalen kan du parkere ve sommarfellesfjøsen. Hugs å ta omsyn til at det er drift på sætra frå juni til september.
I Bakkedalen kan du parkere ved sommarfellesfjøsen.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Traktorveg 1
God sti 1,5
Dårlig sti 1
Lengde tur/retur (km) 7 km
Lengde en vei (km) 3,5 km.
Stigning meter grader
Total stigning 50 Høydemeter

Mobildekning

Ikkje mobildekning.