English

Slagneshornet frå Slagnes, rute 80

Vanylven

Kort om turen

Ein fin rundtur frå kyrkja på Slagnes til Slagneshornet, eit utsiktspunkt der ein har panoramautsikt mot Vanylvsfjorden. Lettgått vidare mot fjellveien som ein går ned att.

Ruteskildring

Frå parkeringsplassen ved Vanylven kirke går ein sørover 200 m før ein tar av til venstre opp til eit gamalt gårdstun. Der går ein langs skogkanten opp til Fylkesvei 61. Her krysser ein vegen. Vær forsiktig da det er nær svingen. På den andre sida av Fv 61 går ein mot aust. Herfra er det merka rute heilt til ein kjem inn på fjellvegen ved Vikevatnet. Etter om lag 400 m kjem ein opp til ein liten fjellhammar som heiter Klomra. Her svingar stien vidare mot sør i retning Slagneshornet. Frå parkeringa ved kirka til Slagneshornet er det om lag 1,7 km. Oppe på Slagneshornet kan ein nyte panoramautsikt både sørover, nordover og vestover ut Vanylvsfjorden og mot Stadlandet. Frå Slagneshornet går ein vidare i retning mot Vikevatnet Det er ikkje så god sti her, men lettgått og godt merka. Nesten på høgste punktet går ein forbi ei oppkome. Når ein kjem inn på fjellvegen går ein på denne til ein er nede på fylkesvegen igjen, krysser Fv 61 og går kommunevegen tilbake til kirka. Om ein vil ha eit lettare alternativ kan ein køyre bomvegen opp til Vikafjellet, parkere der, og gå den merka ruta mot Slagneshornet.

Tilkomst og parkering

Slagnes ligg ca. 4 km nord for Åheim. Det er skilta avkøyring både nord og sør for Slagnes på Fv 61. Parker ved Vanylven kirke. Gratis og god parkeringsplass ved rutestart ved kirka på Slagnes.
Fottur
Blå
Stigning
347 m
Tidsbruk
3 t. 50 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
337 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 1,7
Sti 1,7

Anna

Det er mulig å køyre på bomveg opp på Vikefjellet og gå ruta ut mot Slagneshornet om det blir for tungt å gå heile ruta.

Kart

Turkart: På tur i Vanylven – kan kjøpast i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven
Køyreskildring
Print ut