Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Haram

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde tur/retur (km)

8, 48 km

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Mot Stølshaugane og Skuletoppen
Til venstre i bildet ser ein mot Hamsundet og Ålesund og vidare mot Ulla og ut i havet
Til venstre i bildet ser ein Fjørtoft og vidare inn mot fastlandet. Heilt til høgre ser ein inn til Ålesund
Utsikt over Longva og Flem, i starten av turen

Skulen

Fotograf: Susann Ravnestad

Kvifor gå denne turen?

Fin fjelltur med god utsikt i alle himmelretningar.
På toppen ser ein ut i havhorisonten og fjellrekkene på fastlandet.

Kvar i terrenget går turen?

Skulen er høgaste punktet på Flemsøy/Skuløy.
Ein går opp ved Kvernhuselva og følger stien til toppen av elva, der finn ein ei postkasse. Der står det skilta til Skulen og Stølshaugane. Det er fleire stier opp til Skulen, men har i denne turen valgt å gå mot Stølshaugane. Er ei god rås i eit myrlendt terreng som kan være vått. Det er god utsikt heile vegen til opp til Skulen. Ny postkasse er det på Stølshaugane og der er nytt skilt merka Skulen, da er det å følge råsa til toppen. På toppen er postkassa med Stikk-ut-merket.
Gå same vegen ned att til butikken. Turen om Tverreidet og forbi Flemsdemma er ikkje anbefalt av miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen på grunn av stor slitasje i det verna myrområdet. 

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

For å komme seg til Longva tar man ferge fra Skjeltene til Austnes på Haramsøy.
Fra fergekaia køyrer/sykler ein til høgre og følger vegen rett fram og over Ullabrua. I krysset etter brua tar man til høgre og køyrer til vegen deler seg. Der vegen delar seg tar man til venstre, sjå etter butikken på venstre side.

Kvar kan du parkere?

Ved Coop marked på Longva.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 8, 48 km

Offentlig transport

Ferge fra Skjeltene eller Nordøyruta (hurtigbåt) fra Ålesund og køyre/sykle fra Austnes.
Rutetider finner ein på norled.no