English

Skrommelnebba

Sunndal

Kort om turen

Turen opp til Skrommelnebba er ein flott tur med fantastisk utsikt både til fjella på Nordmøre og i Romsdalen, og heilt ut til storhavet. Skrommelnebba er mykje mindre besøkt enn naboane Trolltind og Ryssdalsnebba. Fjellet er meir utsett for vind, og ryggane er meir avblåst. Men på godt føre kan du få ein fantastisk tur med langt færre folk og spor enn på nabofjella.

Ruteskildring

Gå langs vegen til du passerer Liasetrin (på øversida av vegen), ta så oppover mot Middagshaugen. Hald til venstre og rund under høgspent-trasé og opp mot toppryggen. Det kan vere store skavlar langs toppryggen, så haldt godt til høgre. Følg så ryggen opp mot fortoppen på ca 1500 moh og så vidare til toppen av Skrommelnebba 1548 moh.Retur same veg, eller alternativ veg ned mot Ryssdalsvatnet og ut Ryssdalen til startstad.

Tilkomst og parkering

Jordalsgrenda. Alt etter retning, ca 350 meter før/etter Skrøotunellen i Jordalsgrenda, tek du veg opp til venstre. Følg vegen på venstre side av elva til bom. Bomveg kr. 50. Køyr på bomveg så langt du kjem/til endes. Bomvegen er ikkje vinterbrøyta, så tidleg på vinteren må ein berekne ein lengre anmarsj langs vegen. Parker i vegkanten. Bomveg kr. 50.
Skitur
Rød
Lengde
12 km tur/retur
Stigning
1150 m
Tidsbruk
4 t. 20 min.

Løype på kart

Kart

Topografisk kartserie M711 Blad 1420-3 Sunndalsøra
Køyreskildring
Print ut