Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Ulstein

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur/retur (km)

10,2

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Fint utover frå Flø
Utsikt heile vegen til topps
Bli ikkje overraska om du møter nokre nysgjerrige dyr. Lat att grinder!
Flott utsikt på toppen

Skolma frå Flø

Fotograf: RuBa

Kvifor gå denne turen?

Skolma ligg yst ute på Hareidlandet. Du har flott utsikt mot Ålesund, øyriket og storhavet. Vil du oppleve solnedgang/-oppgang er dette ein flott plass å gjere det på!

Kvar i terrenget går turen?

Start der vegen endar på Ytreflø. Gå på grus-/traktorveg i om lag 2 km før stien går oppover Ytreflødalen. Det er tydeleg sti, så vegen er lett å finne. Når du kryssar ei elv, følger du stikker over eit litt myrlendt område slik at du kjem ut på fjellkanten og følger stien vidare her. Stien er tydeleg og utsikta er fantastisk heile vegen til topps. Heilt på slutten er stien litt utydeleg, men du ser kvar toppen er og det er berre å sikte seg inn mot den.
Kommunegrensa mellom Ulstein og Hareid går gjennom toppen, men denne ruta går i sin heilskap i Ulstein kommune. Går du frå Varden og utover, er du i Hareid kommune.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Frå Ulsteinvik køyrer du FV25 mot Flø heilt til endes, knapt 10 km.

Kvar kan du parkere?

Parkering der vegen sluttar

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Fast grus 2
Traktorveg 2
Dårlig sti 6,2
Lengde tur/retur (km) 10,2
Stigning meter grader
Total stigning 628 Høydemeter

Offentlig transport

Det er nokre bussruter frå Ulsteinvik til Flø http://www.frammr.no

Spesielle forhold

Du kan også nå Skolma frå Brandal: http://fjellglede.blogspot.no/2013/04/skolma.html

Kart

Turkart Ytre Søre Sunnmøre