Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Skogsvegen på Tøssa

Om turen

Gradering

Kommune

Ørskog

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Lengde tur/retur (km)

3,2

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Starten på skogsvegen på Tøssa.
Allereie etter første motbakke er det lagt til rette for ein kvil der ein også ser deler av Skodje sentrum.
Skogsvegen held fram vidare austover .
Frå Tøssa  ser du einaste øya i Ørskog kommune, Langskipsøya. Bak ser du gardane på Valle.

Skogsvegen på Tøssa

Fotograf: Hilde Sørdal

Kvifor gå denne turen?

Starten av turen går på god, brei skogsveg forbi bergknausar og gjennom stor, fin furuskog. Innimellom kjem det opnare parti med frodig lauvskog. Etter kvart får vi god utsikt over fjorden mot Ramstaddalen og Søvika, austover mot Prestevøren på Sjøholt og vestover mot Valle i Skodje kommune. Vi ser Langskipsøya rett nedanfor etter den første stigninga. Over høgdedraga er det god utsikt og vi ser utover fjorden og fjella. Utsikta er spesielt fin i starten over Tøssa og i enden av stien på Kleivane. På Kleivane er det eit nedlagt småbruk. Her er det panoramautsikt over fjorden og Sunnmørsfjella. Turen egnar seg godt for familietur med gode høve til blåbær- og tyttebærplukking i sesongen.

Kvar i terrenget går turen?

Start ved busshaldeplassen aust for Tøssasvingen. Gå vestover langs gangvegen ca. 200 meter. Gangvegen går snart over i grusveg og etter vel 100 meter tek vi av til høgre og går langs god skogsveg som litt etter litt blir dårlegare. Skogsvegen slyngar seg raskt oppover og austover. Flott utsikt over fjord og fjell. Etter ca. 1,6 km kjem StikkUT-posten. Skogsvegen går over i ein tydeleg og god sti som går gjennom furuskogen fram til det opnar seg heilt opp og vi er på Kleivane.
Her er det ein turkasse for Ørskog I.L. ca 100 meter oppover stien som går vidare til Liafjellet.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Ved E 39 5,4 km frå Sjøholt sentrum i retning Ålesund, i Tøssasvingen.

Kvar endar turen?

Det beste er å gå same veg tilbake. Alternativet er å gå rett ned på E 39 frå Kleivane, men her er det ikkje gangveg heile vegen tilbake til start.

Kvar kan du parkere?

Ved busshaldeplassen aust for Tøssasvingen.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,4
Fast grus 1
Traktorveg 1,8
Lengde tur/retur (km) 3,2
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 150 10
Total stigning 140 Høydemeter

Offentlig transport

Buss: Fram Ekspress, eller andre bussar t.d. Fjord1

Mobildekning

Ja

Kart

Ørskogfjellet