Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Skodjebruene - rundtur

Om turen

Gradering

Kommune

Skodje

Type tur

Fottur
Sykkeltur

Gradering

X Grønn

Lengde tur/retur (km)

1,6 km

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Skodjebruene - rundtur

Kvifor gå denne turen?

Skodjebruene er tre vegbruer i Skodje kommune i Møre og Romsdal. De to gamlebruene var tidligare del av riksveg 661 over Skodjestraumen. Skodjestraumen bru krysser Straumen (Storstraumen) mellom fastlandet i nord og Storholmen. Heggestraumen bru krysser Heggestraumen mellom Storholmen og Kasholmen. Dei to bruene blei avløyst av Straumsbrua i 2004.

Skodjestraumen bru har eit spenn på 57 meter og seglingshøgde 14 meter, mens Heggestraumen bru har eit spenn på 40 meter. Begge bruene er steinkvelvbruer. Skodjestraumen bru er Norges største steinkvelvbru. Bygginga av bruene begynte i 1911, og dei stod ferdig i 1919. Vegen blei imidlertid opna først i 1922. Skodjestraumen tunnel (100 m lang) er ein del av anlegget og var den første vegtunnelen i fylket.

Dei to gamle bruene, gang-/sykkelfelt på Nybrua og tunnelen kan no brukast som rundtur i dette vakre kulturmiljøet.

Kvar i terrenget går turen?

Turen er rimeleg sjølvforklarande når ein først er komen til staden.
Eit opparbeidd, flott utkikspunkt ligg på nordsida av straumen, kloss ved nybrua. Oppstiging til utkikspunktet kan skje både ved opparbeidde trapper, og sti med fast underlag. Frå utkikspunktet er det flott utsikt mot vest, sør og aust.

Rundturen kan starte anten frå parkeringsplassen i nord, eller sør for tunnelen.
Med start frå nord kan ein begynne med å gå over nybrua, På sørsida, på Kasholmen, kjem ein til tunnelopninga i sør. Så må ein gå gjennom den 100 m lange tunnelen og kjem til Heggestraumen bru. Ved å legge den bak seg, er vi over på Storholmen, og må passere Skodjestraumen bru for å kome på fastlandet på nordsida. Derifra er det god veg til å ta seg opp att til parkeringsplassen, der også utkikspunktet ligg.

NB! Det mest sårbare og utfordrande punktet på rundturen er kryssinga mellom gangsti og bilveg på nordsida av parkeringsplass. Her må ein følgje bilvegen 20-30 m før kryssing ned til parkeringsplassen.

Kulturminne

To kvelvingsbruer, første vegtunnelen for biltrafikk i fylket.

Tilgjengeleg med rullestol

Ja

Kvar startar turen?

Parkeringsplass i nordenden av den nye Straumsbrua.
Breiddegrad: 62.50467526280101
Lengdegrad: 6.621086597442627

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 1,6 km