Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Skjervheimsdalen - Blåfelden - rute 71

Om turen

Gradering

Kommune

Vanylven

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde en vei (km)

3,5

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Skjervheimsdalen sett frå aust
Øvre del av Skjervheimsdalen sett frå vest
Utsikt frå Lisjehornet
Idyll i nedre del av Skjervheimsdalen
Kredefangst

Skjervheimsdalen - Blåfelden - rute 71

Kvifor gå denne turen?

Skjervheimsdalen er den løyndomsfulle dalen som mange, også i Vanylven, ikkje kjenner til. Det er ein flott tur for alle aldersgrupper å gå vegen frå fjorden og opp til Skjervheimsstøylen på enden av bilvegen, og gjerne vidare. Men det er og mogeleg å køyre til Skjervheimsstøylen ved enden av bilvegen 320 m.o.h. og ta turen derifrå. Den aller lettaste ruta til Blåfelden og Svartetua med utsyn mot Syvde og Eidså startar her. Og vil ein gå ein rundtur kan ein også gå dalen til endes og ta ei runde via Fugelhaudet, Tua og Røsteheida tilbake til Skjervheimsstøylen.

Kvar i terrenget går turen?

Frå Skjervheimsstøylen går ein over brua og følgjer deretter traktorvegen til endes. Der kan ein enten gå rute 70 til Vidnesstøylen, eller rute 71 til den øvre enden av Skjervheimsdalen. Det er litt skiftande underlag og nokre litt våte parti, men elles greitt å gå. I øvre ende av dalen møter ein rute 54 i Nonsskaret om lag midtvegs mellom Blåfelden og Fuglehaudet i ei høgde av ca 685 m.o.h. Begge desse rutene er merka med merkepinnar eller blå merke på stein eller liknande. Ruta som viser på kartet for denne turen på morotur er frå enden av vegen i Skjervheimsdalen og til Blåfelden, medan avstandane som er oppgitt er enden av bilvegen og til øvste enden av dalen

Heile dalen har mest truleg vore ein U-dal etter siste istid, men elva har forma den delen som er nedanfor Skjervheimsstøylen til ein V-dal. Lenger oppe blir dalen etter kvart ein vid U-dal der 2 botnbrear har lagar botnar som utvidar dalen endå meir. Midt i dalen har botnbreen lagt igjen Skjervheimsvatnet som er ein typisk botnsjø, og lenger oppe i dalen er det ein mindre tydeleg botn på nordvestsida av Fuglehaudet. Skjervheimsdalen endar ved Nonsskaret der ein ser det går bratt ned til Saurdalen og Myklebust i Syvde.

Kulturminne

Frå enden av bilvegen og oppover dalen er det fleire stader støylshus eller murar etter støylshus, og mange stader er det tydeleg at råsa (stien) har vorte mykje brukt av husdyr. Nonsskaret i øvre enden er også eit kulturminne på den måten at skaret mest truleg var eit merke for dei som budde på Brekke og Myklebust i Syvde for når det var på tide å ete nons. Dette var eit ettermiddagsmåltid, og når sola var over Nonsskaret var det på tide med nons.

Omlag hundre meter før ein kjem fram til Nonsskaret passerer ein tydelege restar etter ein mur som gjekk frå kanten av skåla (botn etter botnbre) ved Blåfelden og sørover nokre hundre meter mot nabofjellet Fuglehhaudet. Dette er det ein har kalla ein Varegard (Vernegard/vernemur), og desse vart bygde for å hindre at husdyr på beite skullle gå utfor stup. Varegarden frå Blåfelden er bygd mest av stein, men nede i Skjervheimsdalen har det til dels vore brukt torv for å bygge den.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

For å kome til Skjervheimsdalen tek ein av frå riksvegen på Lisjebøen 130 meter nord for brua over Skjervheimselva. Vegen opp dalen til Skjervheimsstøylen går på nordsida av elva, og dermed på venstre sida av eleva på veg opp dalen.

Kvar kan du parkere?

Går greitt å parkere nær riksvegen, eller ved enden av vegen opp Skjervheimsdalen

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Traktorveg 0,5
God sti 2
Dårlig sti 1
Lengde en vei (km) 3,5
Stigning meter grader
Total stigning 350 Høydemeter

Kart

Turkart for Vanylven - til sals i butikkar og på bensinstasjonar i Vanylven