English

Skipedalen

Volda

Kort om turen

Fin tur opp til idylliske Lisje Skipedalvatn. Her i frå er det mogleg å gå vidare til Store Skipedalsvatn ( 758 m.o. h ), Eggjadalen ( 801 m.o.h ) eller Middagshornet (1219 m.o.h ), men dit er det ikkje merka. Litle Skipedalsvatn.

Ruteskildring

Turen startar ved gamlevegen på Skjåstadeidet. Her står skilt, og det er merka med raudmala pinnar i bakken i ope eller myrlendt terreng, og raude pinnar i trea i skogen. Bra tydeleg sti som går på høgre sida av Skipedalselva heile vegen opp.

Tilkomst og parkering

Turen startar ved gamlevegen mellom Skjåstad og Bueide. Dersom du kjem frå Kalvatn / Kvivsvegen mot Skjåstad, så svingar du til høgre inn på gamlevegen nokre hundre meter framom Skjåstad. Ver obs på at avkøyringa kjem brått på i ein sving. Køyr ca. 300 meter på gamlevegen og parker ved sidan av vegen. Pass på å ikkje parker til ulempe for hytteeigarane og grunneigarane. Parkering ved sida av gamlevegen framom Skjåstad.
Fottur
Blå
Lengde
1,84 km en vei
Stigning
414 m
Tidsbruk
1 t. 55 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
536 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 1,2
Køyreskildring
Print ut