Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Surnadal

Type tur

Fottur

Gradering

XXX Rød

Lengde tur/retur (km)

7,4 km

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Det er bratt opp, men fint og fast dekke opp mot toppen.
Idyllisk ved tjønna der du rundar og begynnet den siste stigninga opp mot toppen.
Fin utsikt utover fjorden sjølv om det her er eit stykke før toppen er nådd.
Varden på toppen av Skarven

Skarven

Fotograf: Norunn Holten

Kvifor gå denne turen?

Ein tur til Skarven i Bøverdalen byr på både flott utsikt og vakker natur, frå den idylliske, gamle setervegen som fører oss opp bakkane i starten av turen, til utsikten som møter oss på toppen, 649 m.o.h. Alt frå du forlet skogen nedi lia, er utsikten upåklageleg og gir ei kjensle av at ein fort har kome opp i høgda. Når du kjem ut av skogen, gjer også det harde underlagt det relativt lett å gå til tross for at det er ganske bratt. Det er ikkje markert sti det siste stykket, frå tjønna oppi fjellsida og opp, og traseen du vel, vil i stor grad bestemme kor tøff den siste biten blir. Det er inga skam å svinge seg att og fram når det er så bratt som her! Synet som ventar deg på toppen gjer likevel turen til ei oppleving vel verdt å ha med seg.

Kvar i terrenget går turen?

Første del av turen går etter same veg som til Sæterbøsetra: Køyr oppover Bøverdalen til du kjem til Sæterbøen, nesten 4 km frå krysset i Bæverfjorden. Parker ved skilta parkering for Tverrlihytta på høgre side av vegen, ved Borstua. Gå eit par hundre meter tilbake etter vegen. Eit skilt på høgre side viser der vegen mot Tverrlihytta. Kryss ekra og følj skogsvegen og skiltinga vidare mot Tverrlihytta. Gå til du kjem til «Arilds bru». Dette er ei bru på nersida av vegen, og den er skilta. Her forlet du setervegen og tek av inn på stien som går oppover på øversida av skogsvegen. Du passerer like ved eit par hytter og fortsett oppover etter stien. Eit lite stykke er stien utydeleg, og der lønner det seg å følgje GPS-merkinga. Seinare følgjer stien tørre rabbar etter ei slå som skrår seg oppover fjellsida. Gå til det flatar ut og det ligg ei lita tjønn på venstre side av stien. Denne rundar du. Herifrå kan du nær sagt gå kvar som helt rett oppover fjellsida til du når toppen av Skarven. Du kan eventuelt navigere etter eit einerkratt som du ser mot himmelen ovanfor deg. Tjønna er også eit landemerke det er lett å orientere seg etter på tilbaketuren.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Borstua, Sæterbøen

Kvar endar turen?

Toppen av Skarven

Kvar kan du parkere?

Ved Borstua

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Traktorveg 3 km
God sti 3 km
Natur 1,4
Lengde tur/retur (km) 7,4 km
Stigning meter grader
Total stigning 635 m Høydemeter

Offentlig transport

Nei

Spesielle forhold

Turen til Skarven kan godt kombinerast med ein tur til Sæterbøsetra. Du kan da evt gå til setra først og ta ein snarveg direkte bort til dei to hyttene som er nemnt i turbeskrivelsen. På nedturen kan du gå rett ned forbi hyttene og koma inn på skogsvegen ved Arilds bru.

Kart

Fjordruta