English

Skageflå

Stranda

Kort om turen

Ein umåteleg flott tur i hjertet av det einaste området i Noreg som står på Unesco si verdsarvliste med grunlag i naturarven: Opplev sjølve Geirangerfjorden, vakre fossefall, gamle fjellgardar, spennande stiar - kort sagt det beste av både natur og kultur. Makelaus utsyn frå fjellgarden Skageflå.

Ruteskildring

Det finaste er å starte turen med båt ut Geirangerfjorden. Då får ein ein sightseeingtur som innleiing. Båt går fleire gongar dåleg i sommarsesongen. Meir info om båttilbodet finn ein på http://www.geirangerfjord.no Sightseeingbåten set folk i land i Skagehola på visse tidspunkt, og kan også plukke opp der. Frå Skagehola går stien bratt oppover til Skageflå 250 moh. Stien er steinsett og går i slynger oppover og på nokre punkt utsprengt i fjellet. Ikkje vanskeleg, men bratt, og den som er høgderedd, kan oppleve det ubehageleg. Sikring med gjerde på farlege punkt. Frå Skageflå vidare oppover i bratt terreng, men lettare siste etappen opp til Homlongsætra 544 moh. Herifra går stien relativt slakt unna langs fjellstupet attende til Homlong, som ligg 2 km frå Geiranger sentrum. Om ein ikkje har organisert bil her, er det ein fin vandretur på grusveg langs fjorden til sentrum.

Det fint utedo på Skageflå. Elles tillaga ein fin grillplass nedanfor tunet. 

Tilkomst og parkering

Start i Geiranger sentrum. Ev. kan ein starte frå Homlong. Dit kan ein køyre ved å ta av etter skilting i sentrum av Geiranger. Skilta til Homlong. Ca. 2 km på grusveg. Geiranger sentrum. Ev. på Homlong - pr. no 50 kr. i avgift der
Fottur
Rød
Lengde
56 km en vei
Stigning
595 m
Tidsbruk
3 t. 40 min.
Sesong
Høst
Høyeste punkt
552 moh

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 5

Offentleg transport

rutebuss nokre få gongar for dag. nettbuss.no

Anna

Tek ein med mindre barn på denne turen, bør ein passe godt på dei særleg på turen frå Skageflå og opp til ein er ferdig med dei brattaste partia mot Homlongsætra. Også eit punkt på stien tilbake til Homlong der råsa går heilt utpå stupkanten

Kart

Turkart Stranda kommune 1:50.000
Køyreskildring
Print ut