Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Skåratinden - rute 30

Om turen

Gradering

Kommune

Vanylven

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur/retur (km)

4,7 km t/r

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Skåratinden - rute 30

Kvifor gå denne turen?

Flott utsiktstur til eitt av dei flotte symbolfjella på Rovde. Skåratinden er eit relativt frittliggande fjell på Rovde med god utsikt i alle himmelretningar. Toppen av fjellet er godt synleg frå både Ulsteinvik og Volda og også frå delar av dei andre nabokommunane. Veg heilt opp til 535 moh gjer at fjellet er raskt og lett å nå. Allereie etter vel 100 høgdemeter får ein utsikt mot havet, og utsikten vidar seg ut når ein kjem høgre opp. Turen går i lett og jamt over tørt terreng.

Det langstrekte fjellet er forma hovudsakleg av dalbreane som laga Sundnesdalen og Årskogdalen på kvar si side av fjellet. Fjellet har menge tydelege skar eller skorer og namnet kjem nok av dette. Nokre kart nyttar skrivemåten Skoratinden i staden for Skåratinden. Botnbrear har og vore aktive for å forme terrenget, og ein botnbre har laga botnen fremst i Årskogdalen. I denne delen av landet blir ein slik botn ofte kalla ei skål eller ein kopp, og botnen fremst i Årskogdalen heiter Årskogkoppen. Dermed er det lett å forstå at den raskaste og brattaste ruta opp til Myrkevatnet blir kalla å gå opp Koppen.

Kvar i terrenget går turen?

Turen går frå enden av vegen i Årskogdalen, opp til Myrkevatnet, og derifra opp ryggen mot toppen av Skåratinden. Kortaste rute opp til Myrkevatnet er opp Koppen. Ei lenger og slakare rute opp til Myrkevatner er opp Riddarvegane. GPS-fila og kartet nedanfor har oppstigning opp kortaste rute og ei slakare nedstigning frå Myrkevatnet.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Det er skilta mot Årskogdalen ved hovudvegen på Rovde ca 150 meter vest for COOP. Ca 120 moh er det bom der ein betaler bompengar (kr 30 pr 1.7.2017) for å køyre resten av vegen. Vegen går heilt opp til 535 moh.

Kvar kan du parkere?

God parkering ved enden av vegen i Årskogdalen

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 4 km
Dårlig sti 1 km
Lengde tur/retur (km) 4,7 km t/r
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 20
Bratteste helning ned 20
Total stigning 480 Høydemeter

Mobildekning

4G dekning på toppen, dårleg dekning i Årskogdalen og elles litt varierande dekning

Kart

Turkart for Vanylven - til sals i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven