English

Skårasalen

Ørsta

Kort om turen

Skårasalen er ein av dei mest populære skiturtoppane på Sunnmøre. Utsikta er fantastisk mot alle dei kringliggande toppane. Skituren til Skårasalen er kortast på våren når vegen fram til Kvistadsætra er brøyta. Dersom du vil ta turen før vegen er brøyta, er det ca 4 km og 400 hm frå Kvistad til Kvistadsætra.

Ruteskildring

Dersom vegen til Kvistadsætra ikkje er brøyta må du gå den frå Kvistad, då vert turen ca 15 km og 1450 hm tur/retur. Når du er komen til parkeringsplassen på Kvistadsætra, går du vidare langs sætrevegen i søraustleg retning ca 400 m. Ta så til venstre og gå i nordaustleg retning, opp gjennom skogen og opp den bratte bakken på sørsida av Blåhornet. Sikt deg inn på dalen mellom Blåhornet og Skårasalen, og gå dalen nordover nesten til endes. Drei så mot aust og gå ryggen i søraustleg retning opp til toppen. Siste stykket opp mot toppen er smalt med store utoverhengande skavlar, så ver varsam. Her er det ca 650 hm rett ned på austsida av toppen. Turen nedigjen går same rute som opp, men det er også mogleg å renne Lisje Skåradalen ned til Hjørundfjorden og gå geiteråsa ved sjøen til ferjekaia på Skår. Ved dette alternativet må du bestille ferje eller skyssbåt på førehand, Skår har anløp berre på signal. http://www.frammr.no

Tilkomst og parkering

Ta av frå E39 i rundkøyringa i Ørsta sentrum og køyr fv 655 mot Sæbø, ca 3 km før Sæbø tek du til høgre mot Kvistad og køyr ca 1 km til bommen ved Kvistad og køyr bomvegen til Kvistadsætra ca 4 km. Dersom vegen er stengd må du gå frå bommen. God parkeringsplass på Kvistadsætra, dersom vegen er stengd må du parkere på Kvistad. Vegen til Kvistadsætra er bomveg, (Kr 45 i 2017)

Skitur
Svart Fjell
Lengde
3,63 km en vei
Stigning
1032 m
Tidsbruk
3 t. 20 min.
Sesong
Vinter, Vår
Høyeste punkt
1537 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Anna

Dersom du vil renne ned til Skår, husk å bestill ferje eller skyssbåt. https://frammr.no

Kart

Sunnmørsalpane, M711 1219 III. norgeskart.no

Betalingsmiddel for bomvei

Nkr
Køyreskildring
Print ut