Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Ørsta

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur/retur (km)

3,5

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Ved vassmagasinet utsikt mot vest: anleggsveg og Helgahornet på andre sida av fjorden.
Ved 3. vasshus. Saudehornet bak.
Gapahuken i Skåla til høgre i bildet.
Ved vassrenseanlegget der ein kan parkere med bil. Vallahornet fremst og Saudehornet bak til høgre i bildet.

Skålavegen

Fotograf: I.E.

Kvifor gå denne turen?

Flott trimtur med nydeleg utsikt over Ørsta sentrum og Ørstafjorden. Ved tredje vasshus er det treningsutstyr med manualar og balansebrett dersom du ønsker styrketrening ute i det fri. Ved gapahuken, ca 150meter vest for 3."vasshus", er det både ovn og grill som kan nyttast dersom du tek med naudsynt tilbehør. Flott rasteplass. Vidare oppover kjem du til enden av grusvegen ved tunnelluttaket og lengre inn i Skåla. Saudehornet ruvar majestetisk.

Kvar i terrenget går turen?

Fottur sommar som vinter, då mange går denne turen. Lyktestolpar frå vassverket til 3. "vasshus".

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Frå Festøy på E39 i Kyrkjegata ta til venstre opp Garvargata, og til høgre der Garvargata deler seg, deretter første til venstre opp Vikegeila. Parker ved vassverket.

Kvar endar turen?

Start ved parkeringa ved vassrenseanlegget. Denne turen går forbi 3."vasshus", innom gapahuken og til tunnelluttaket (enden av grusvegen i Skåla). Retur same veg nedigjen.

Kvar kan du parkere?

Parkering ved vassrenseanlegget. Ingen parkeringsavgift.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Fast grus 3,5
Lengde tur/retur (km) 3,5
Stigning meter grader
Total stigning 375 Høydemeter

Offentlig transport

Ta buss og gå av første buss stoppet i Kyrkjegata etter rundkjøringa i sentrum. Kartkoordinat N: 6899946 Ø: 350415

Mobildekning

Netcom: særs god Telenor: særs god

Kart

Landkart 1:50000 Ålesund