English

Skåla (184m) på Gurskøya

Herøy

Kort om turen

Skåla (184 moh) er den nordlegaste toppen på Gurskøya og ligg mellom Sandvika og Tjørvåg. Det er lettgåtte og merkte ruter frå Sandvika, Stokksund skule, Trolldalen og Tjørvåg. På denne sida vil du finne omtale av alle rutene, men det er berre stien frå Stokksund skule vi har valt å presentere på kart og med høgdeprofil.

Ruteskildring

Rute 1: Frå Stokksund skule: 1,6 km, 170 høgdemeter Frå parkeringsplassen ved skulen kryssar du vegen og går gjennom ei grind. Her er det skilt mot Skåla. Stien er godt brukt og merkt med stikker. Stien stig slakt opp mot ei høgde på 80 moh. Så går du gjennom ei ny grind før sjølve oppstigninga til Skåla. På kring 120 moh møter du stien frå Trolldalen. Vidare litt bratt dei siste 400 metrane mot toppen. Rute 2: Frå Sandvika: 1,1 km, 145 høgdemeter Frå parkeringsplassen i Sandvika følgjer du grusvegen opp til Sandvikskaret. Her er det ei postkasse med turbok. Eit skilt viser retninga til venstre og det er merkt sti opp til Skåla. Herifrå kan ein òg følgje merkt sti (mot høgre) til Sandvikhornet og Storehanen. Rute 3: Frå Tjørvåg: 1,6 km, 190 høgdemeter Frå Coop Tjørvåg kryssar du vegen og følgjer grusvegen mot Sandvikskaret. Her tek du til høgre ved skiltet og følgjer merkt sti opp til Skåla. Rute 4: Frå Trolldalen: 0,9 km, 160 høgdemeter I enden av Trolldalsvegen kjem det opp eit turskilt hausten 2016. Stien til Skåla er alt merkt med stikker og refleks. Stien følgjer ein markant skogsrygg oppover og møte stien frå Stokksund på ca. 120 moh.

Tilkomst og parkering

Rute 1: Parkering ved Stokksund skule som ligg eit par km nord for Tjørvåg og ein snau km før krysset Moltustranda-Fosnavåg. Rute 2: I Moltustranda-Fosnavågkrysset som ligg ein snau km nord for Stokksund skule tek du til venstre og følgjer vegen 1,1 km til avkøyringa mot Sandvika. Ta til venstre her og så til høgre ved postkassestativet. Hald til høgre og følg vegen til ein parkeringsplass. Køyr forsiktig gjennom gardstunet. Rute 3: Parkering ved Coop Tjørvåg. Rute 4: Her er det inga tilrettelagt parkering så ein lyt spørre om lov til å parkere i nærleiken. Mellom Tjørvåg og Stokksund skule tek du til venstre mot Trolldalen og Trolldalsvegen til ende. Sjå òg på satelittbilete der stiane er teikna inn. Stokksund skule
Fottur
Grønn
Lengde
1,6 km en vei
Stigning
170 m
Tidsbruk
1 t. 15 min.
Sesong
Sommer, Høst

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,2
Sti 1,4

Offentleg transport

Det er busstopp ved Stokksund skule
Køyreskildring
Print ut