Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Ørskog

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Total lengde rundtur (km)

3,6

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Gamlebanken som no vert brukt som selskapslokale
Frå gangvegen ved småbåthamna på Sjøholt
Ørskog kyrkje sett frå Kyrkjebrua
Utsikt frå gamlevegen mot Sjøholt sentrum og Ørskogvika

Sjøholt sentrum

Fotograf: Hilde Sørdal

Kvifor gå denne turen?

Elvastien er ein idyllisk, universelt utforma turveg langs Ørskogelva. Her kan du nyte naturen i fred og ro utan trafikkstøy. Det er lagt til rette for gode møteplassar med bord, benkar og grillplass. Elvaløa ved den eine rasteplassen er reist i tradisjonell grindløeteknikk. Du passerer den flotte Steinholtbrua og Gamlebanken som Rotary har pussa opp slik han ein gong var. Bankparken har leikeapparat for barna, fontene, bord og benkar. Her står det ein spesielt fin paviliong med ein modell av Sjøholt hotell og ein gamal lokomobil som framleis av og til blir starta opp. Tilbake til sjøkanten finn du på nytt fin natur ved fjorden med båtlivet på hamna og idyllen ved elvaosen på Måsøyra.

Kvar i terrenget går turen?

Du kan starte kvar som helst på rundturen, men her tek vi utgangspunkt i Ørskog kyrkje. Gå Elvastien langs Ørskogelva opp til Steinholt bru. Kryss elva over gangbrua og følg gangvegen under E 39 og sving til venstre i undergangen. Hald fram etter gamlevegen ned mot sentrum. Ta av til venste og gå gjennom bankparken, bak banken og Ørskog Samfunnshus. Følg gangvegen gjennom undergangen og gå vidare langs Kyrkjevegen til Økonomiservice. Ta av til høgre her og gå over til Småbåthamna. Her kan du gå ut på moloane på begge sider, først til høgre og så på venstre side. Gå deretter ut på Måsøyra der elva munnar ut i Storfjorden før du tek gangvegen tilbake til kyrkja.

Kulturminne

Ørskog kyrkje ligg i Ørskog sokn i Austre Sunnmøre prosti. Ho er bygd i tre og blei oppført i 1873. Kyrkja har langplan og 600 sitjeplassar. Kyrkja har vernestatus listeført.
I Sjøholt sentrum finn vi eit tre og ein halv etasjes høgt sveitserstil hotell. Bygningen er freda og har fått tilskot frå både Norsk kulturminnefond og Møre og Romsdal fylke. Bygningen har fått tilbakeført arkene og det er lagt ny skifer og kobberrenner på tak. Huset er i privat eige.
Paviljongen i bankparken er eit utstillingsvindu for ein modell av Sjøholt Hotell, bygd av Hans Sjøholt og ein lokomobil fra 1903. Lokomobilen er ei dampmaskin på hjul som blei brukt rundt på fabrikkar og sagbruk fram til etterkrigstida.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar kan du parkere?

Ørskog kyrkje, Ørskog samfunnshus, Steinholt eller Småbåthamna har alle gode parkeringsplassar.
Merka HC - parkering ved Ørskog kyrkje.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 3,5
Fast grus 0,1
Total lengde rundtur (km) 3,6
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 110 6
Bratteste helning ned 400 3
Total stigning 130 Høydemeter

Offentlig transport

Timeekspressen, eller Fjord 1.

Mobildekning

Ja

Spesielle forhold

Delar av strekninga går etter bilveg med lite trafikk.

Kart

Ørskogfjellet