Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Sjå om Kjerringa hans Vik

Om turen

Gradering

Kommune

Vanylven

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur/retur (km)

6,6

Lengde en vei (km)

3,3

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Sjå om Kjerringa hans Vik

Fotograf: Arild Henden

Kvifor gå denne turen?

Ein relativt kort fjelltur med fin utsikt over Vanylvsfjorden, Nordstranda og Fiskå.

Kvar i terrenget går turen?

Fyrste delen av turen - oppstigningen- fylgjer råsa til rute 7 på turkart for Vanylven. Den går på skogsveg/fjellveg og godt merka rås. Det er fleire rasteplassar med bord under oppstigninga. Ved skiltet mot Kjerringa hans Vik går råsa over i umerka rås. Den er stort sett tydeleg og lett å fylgje, og lettare enn oppstigninga.
Turen opp til Kjerringa hans Vik tek mellom 1,5 og 2 timar.

Kulturminne

Ca. 50 m frå lunningsplassen er det eit felt med 30 gravrøyser og ei hustuft frå eldre jarnalder. Røysene og hustufta er lave, og er derfor lettast å sjå når det er lite gras på beitet.
Oppe på brukanten ligg murane av ein steinfjøs. Etter det som vert sagt har den aldri vore heilt ferdig.
Det merkelege namnet på staden har sitt opphav i at det på Myklebust budde ein mann som heitte Vik. Han var ugift og hadde leigt seg inn i ei lita stove der på sine eldre dagar. Han hadde arbeidd som servitør og hotellmann i Ålesund og skilde seg ut frå bygdefolket både i kle og veremåte. Medan hine arbeidde, gjekk han tur både etter vegen og til fjells. Det vert sagt at turmålet på fjellet var ein stor stein med varde på. Denne fekk etter kvart namnet Kjerring hans Vik. Då han døydde fekk Vanylven kyrkje pengane til lysekrone i kyrkja.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Lunningsplassen ved fjellvegen.

Kvar endar turen?

Lunningsplassen ved fjellvegen.

Kvar kan du parkere?

Lunningsplassen ved fjellvegen.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 6,6
Lengde en vei (km) 3,3

Kart

Turkart for Vanylven