English

Sighaugstøylen - Store Krokhornet - rute 12

Vanylven

Kort om turen

Tur som startar med god grusveg dei første 400 høgdemetrane, og deretter på lettgått sti Ein passerer Sighaugstøylen og tek av frå rute 9 ved Måsevatnet. Tørr sti opp mot toppen av Store Krokhornet (654), siste delen mykje fjellgrunn. Flott utsikt spesielt mot havet i vest. Vil ein ha mindre stigning kan ein ta utgangspunkt ved osen av Børevatnet.

Ruteskildring

Fra lunningsplassen følger du vegen oppover. Omlag halvvegs på turen deler vegen seg, då tek du til venstre. Når ein kjem opp til enden av vegen går turen over i rås (sti) og terrenget flatar meir ut. På enden av vegen kan ein gjerne gå innom Hundsnesvardane https://morotur.no/tur/Hundsnesvardane som er eit godt utsiktspunkt.

Etter at ein er ferdig med vegen kjem ein opp på fjellplatået og følgjer same merka og skilta rute som https://morotur.no/tur/Hundsnes-Brandalsdemningen. Om lag midtvegs mellom Måsevatnet og Olalidvatnet tek ein av nordvestover og opp til  Store Krokhornet. Starten av oppstigninga til toppen er skilta men stien er ikkje merka, men det er god og tydeleg sti i starten av oppstigninga før det etter kvart blir fjellgrunn.

Vil ein ha ei lettare utgåve av denne turen kan ein gå frå demninga ved Børevatnet. Då parkerer ein 380 meter over havet og det blir langt mindre stigning.

Tilkomst og parkering

Startstaden er ein lunningsplass (lagringsplass for tømmer) 6 km vest for Fiskå. Her er det gode parkeringstilhøve og det er satt opp skilt for turen her. Det står og ei infotavle med kart, foto og info om turar i dette området.
Fottur
Blå
Lengde
5,52 km en vei
Stigning
617 m
Tidsbruk
4 t. 20 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
643 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 4,5
Sti 5
Ingen sti 0,5

Kart

På tur i Vanylven - kan kjøpast i butikkar og på bensinstasjonar
Køyreskildring
Print ut