English

Setsdemma

Haram

Kort om turen

Ved parkeringsplassen på Setsdemma er det bygd ein gapahuk som er tilgjengelig for alle som vil besøke staden. Her er det ein robåt, kano, sandkasse og leikestativ til barn. Har ein med fiskestang er du fri til å prøve fiskelykkea. Vegen rundt Setsdemma er universell utforma og er på ca 600 meter. Når du har gått halvveis rundt, finn du StikkUT-posten. Her er også ei grillhytte som fritt kan brukast av alle turgåarar. 

Frå Setsdemma kan ein lett også ta turen vidare til Eventyrskogen.

Ruteskildring

Turen er universelt utforma, og det er ei rundløype på god veg. Ingen vanskelige vegval, det er bare å følge vegen rundt.

Tilkomst og parkering

Frå Skjelten køyrer ein over Nordøyvegen (bompengar) til Lepsøy. Følg Nedstevegen (til høgre) fram til krysset ovanfor den gamle ferjekaia, sving til venstre opp Jordmorbrauta og så til høgre igjen på Lepsøyvegen. Etter Prestegarden er det ein bakke opp til Seth, der ein kan parkere ved gapahuken ved Setsdemma. Er det fullt på parkeringsplassen der, er det eit alternativ å parkere ved stor parkeringsplass ved kyrkjegarden og gå opp bakken på Seth.

Fottur
Grønn
Lengde
0,64 km rundtur
Stigning
5 m
Tidsbruk
10 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Lysløype
Deler av turen
Høyeste punkt
65 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Kart

093 Vigra
Køyreskildring
Print ut