Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Saurdal - Osbrua - rute 51b

Om turen

Gradering

Kommune

Vanylven

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Lengde tur/retur (km)

3.5

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Frå Saurdal mot Syvde
Halvegs på turen, mot Saurdal.
Starten på turen - vegkryss i Saurdalen
Frå vassenden fram mot Saurdal

Saurdal - Osbrua - rute 51b

Fotograf: Sven Tore Sørdal

Kvifor gå denne turen?

Ein nydleg tur i vakkert kultur landskap langs Saurdalsvatnet. Turen går gjennom eit skjerma og lunt område (sørvendt) med ein litt spesiell vegitasjon som består av hasselskog, osp og høge einar. Ein ynda tur for sanking av hasselnøtter.

Kvar i terrenget går turen?

Turen går langs Saurdalsvatnet, Når ein startar i Saurdalen går ein på veg ca 1 km etterfulgt av sti. Nokre plassar er stien litt steinete. Når ein kjem til nordenden av Saurdalsvatnet kan ein alternativt gå over ei hengebru (N 62`04768 E 005`43655) som fører deg bort i Årøyane og vidare på gardsveg til Syvde.

Kulturminne

Omtrent halvegs treff du på ein gammal steingard. Denne er byte mellom Saurdal og Myklebust. Då det frå gammalt av var viktig å hegne om beita sine.

Langs ruta er det utallige stadsnamn, noko som vitnar om att det har vore eit svært viktig beiteområde for bøndene i Saurdal og på Myklebust.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Frå Syvde kjører ein fylkesvegen mot Saurdal. Når du har komme fram om Saurdalsvatnet (sørenden) tek du av i fyrste kryss mot høgre. Der står skilt ved postkasse med rute namn og nummer.

Kvar endar turen?

Osbrua i Syvde, ved Jokerbutikken.

Kvar kan du parkere?

Parkeringa ved sørenden av Saurdalsvatnet, før tredje ferista.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Fast grus 0.5
Traktorveg 1.5
Natur 1.5
Lengde tur/retur (km) 3.5

Kart

Vanylven