Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Sandvikshornet frå Løset

Om turen

Gradering

Kommune

Sykkylven

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur/retur (km)

7,7

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Parker her og gå over ferista. Etter omlag 50 m finn du kjerrevegen
Fin utsikt nordover
Fin utsikt mot Løsetvatnet og Søvikhornet
Flott utsyn frå toppen

Sandvikshornet frå Løset

Fotograf: RuBa

Kvifor gå denne turen?

Frå Sandvikshornet har du fantastisk fin utsikt! Du ser store delar av Sunnmøre, fire fergestrekningar og du ser rett ned i Storfjorden. I denne turomtalen går ruta frå Løset.
Den vanlegaste vegen er å starte frå Hjellane og gå via Vassætra eller Storevarden. Turomtale av den ruta finn du i lenka "Sunnmøres små og store fjellturer".

Kvar i terrenget går turen?

Frå parkeringsplassen går du over ferista og omlag 50 m vidare. Her finn du ein gamal kjerreveg på venstre side av vegen. Denne skal du følge gjennom ei grind, på sti over ei mark og på oppsida av ei løde. Du skal gjennom ei ny grind, krysse ei nylaga skogsveg og så er du inne på stien. Følg stien til du kjem opp på ei høgde like før Løsetvatnet. Her deler stien seg. Du skal ta stien som går til venstre. Du ser no Sandvikshornet opp til venstre (mot nordvest). Følg stien vidare. Det er tydeleg sti til like før toppen. Då er han utydeleg eit lite stykke, men du ser kvar du skal så det er berre å sjå seg ut beste vegvalet.
På Sandvikshornet kan du registrere deg i http://www.gjesteboka.no. Hugs å laste ned app-en på førehand.

Lenke til turbeskrivelse

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Frå RV60 tek du av mot Ramstaddalen på FV73 (Dalevegen). Du køyrer langs Andestadvatnet og kjem til eit nytt vatn (Litlevatnet). Her er det ei ferist. Rett før ferista er det plass til å parkere bilen

Kvar kan du parkere?

Parkering like før ei ferist ved starten av Litlevatnet v/Løset

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 7,2
Dårlig sti 0,5
Lengde tur/retur (km) 7,7
Stigning meter grader
Total stigning 799 Høydemeter

Offentlig transport

Det går buss i retning Ramstaddalen nokre gongar for dag. Sjå http://www.frammr.no. Det er også greit å sykle til turstart.

Kart

Turglede Sykkylven