Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Sande

Type tur

Sykkeltur

Gradering

XX Blå

Total lengde rundtur (km)

23

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

På Skare, vi ser mot Dollsteinen
På sørsida av Vågen, vi ser mot Våge og Helland
Matpause på Trettholmane ved Voksavegen, vi ser mot Gjøna, Haugsbygda og Nupatinden
Sandsøya sett frå Marøya

Sandsøya

Kvifor gå denne turen?

Sandsøya er ei fin øy å sykle på, fin utsikt til havet og øyane rundt. Det kan vere fint å kombinere ein sykkeltur på Sandsøya med ein tur på ein av dei 8 fjelltoppane på øya eller ein tur i Dollsteinhola. Du kan også ta turen ein søndag når det er gudstjeneste eller ein dag det er konsert i Sande Kyrkje, då får du også sjå kyrkja innvendig.Turen går også forbi bygdemuseumet Breidablik, Sandshamna med butikk, fiskemottak, hummarpark, gjestebrygger og Fiskarheimen. Turen går også forbi 2 fuglefredingsområde, Storevika og Vågen.

Kvar i terrenget går turen?

Turen startar på Voksa ferjekai, du syklar nordover Voksavegen og over Marøya, tek du til høgre her kjem du til Flatøy Holidays med aktivitetar for store og små. Frå Marøya går turen over Trettholmane, vidare over brua, når du er komen over brua kjem du inn på Sandsøya og har då Storevika fuglefredingsområde på høgre sida. Når du har sykla 3,5 km frå ferjekaia kjem du til eit vegkryss, då tek du til venstre mot Skare, så syklar du vestover ca 800m, då er du ved Sande kyrkje, her kan det vere fint å ta seg ein tur ned til kyrkja, kyrkjesanden og kyrkjevoren. Vidare syklar du 1,5 km vestover, då kjem du til Skare med flott utsikt mot Dollsteinen i nord, havet i vest og Riste i sørvest. På siste stykket ut til Skare er einaste bakken på turen. På Skare ligg Skare Feriehus med hytteutleige. Frå Skare syklar du tilbake til kyrkja, ca 100m etter kyrkja er der eit vegkryss, då syklar du opp til venstre så kjem du til Breidablik bygdemuseum etter ca 700m. Herifrå fortsetter du vidare austover ca 500m då kjem du til eit vegkryss ved skulen, der tek du til venstre og syklar nordvestover på sørsida av Vågen fuglefredingsområde ca 2,5 km då kjem du til Våge, der tek du til venstre og syklar til vegs ende i Hellandsvågane, ca 2 km, der dei siste 750 meterane er på grusveg. Ca 100 m før snuplassen i Hellandsvågane går der ein veg nordover, parker syklane og gå dei 250 meterane vegen er, då kjem du til hamna med naust og eit gamalt ishus. Frå Hellandsvågane må du sykle same vegen tilbake, når du kjem til vegkrysset på Våge syklar du beint fram i ca 1,5 km då kjem du til området der Arthurspelet vert arrangert i August annankvart år. Vidare syklar du 400m då kjem du til Sandshamna med butikk, fiskemottak, hummarpark, Rosenlund med gjestehamn, overnatting og pub. Frå vegkrysset på Sandshamn syklar du sørover, etter ca 100m kjem du til Fiskarheimen, etter nye 400m kjem du til Mikkelholmen med rorbuer og utleigehytter. Etter nye 500m kjem du til eit vegkryss, du har no skulen beint framfor deg og Dollstun, forsamlingshuset på Sandsøya, til høgre for deg, her tek du til venstre og syklar ca 280m då kjem du til eit nytt vegkryss, her skal du til høgre for å kome til ferjekaia. Syklar du til venstre kjem du til Straumsneset og Toftesund der det var mekanisk verkstad, fiskemottak og hermetikkfabrikk tidlegare, no er området her utlagt til rorbuer og hytter. Syklar du beint fram i vegkrysset kjem du til Voren der du finn gravhaugar. Frå vegkrysset er det ca 4,3 km til ferjekaia. 250m etter vegkrysset passerar du Osehaugane Stadion.

Lenke til turbeskrivelse

Kulturminne

Sande Kyrkje er bygd i 1880 av material av ei kyrkje som var bygd på same plassen i 1835, men vart skada i stormar i 1863 og 1874. Alterskapet i kyrkja er laga i Nord-Tyskland i første halvdel av 1400 talet, det vart ombygd til altertavle i 1880. Messehakelen i kyrkja er laga i Brussel på slutten av 1400 talet. Over koret står ein bjelke med latinsk innskrift: VERBUM DOMINI MANET I ÆTERNUM ANNO 1619 (Herrens ord lever frå æve til æve år 1619) Oppå bjelken står ei korsfestingsgruppe frå 1669. Kyrkja har også ei hollandsk klokke frå 1674, og ei messinglysekrune frå same tid. Dåpsfatet er frå 1825 og døypefonten frå 1835.
Breidablik bygdemuseum var skule for søresida av Sandsøya frå 1898 til 1962. Sandsøy og Voksa sogelag har laga museum i det gamle skulebygget, og her finn du ei samling av ting som fortel om livet på øya i eldre tider.
Sandshamna har vore eit kjent fiskevær i mange århundre. "Lånå" det store kvite huset på Sandshamn var væreigaren sin residens.
Fiskarheimen vart bygd i 1910 for å betre det sosiale, kulturelle og åndelege livet til tilreisande fiskera.
Gravrøyser og gravhaugar finn du fleire plassar på øya, dei største i området ved Voren.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Ta ferje frå Larsnes eller Åram til Voksa. Du kan også kome med eigen båt då der er god gjestehamn på Sandshamn.

Kvar kan du parkere?

Ferjekaia på Larsnes eller Åram

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 21,5
Løs grus 1,5
Total lengde rundtur (km) 23
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 250 6
Bratteste helning ned 250 6
Total stigning 250 Høydemeter

Spesielle forhold

Husk å sjekk ferjerutene, det er ca 2 t mellom kvar avgang.

Kart

Turkart Ytre Søre Sunnmøre, M711 1119 III og IV, sunnmorskart.no