Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Sandhornet (Blåfjellet)

Om turen

Gradering

Kommune

Volda

Type tur

Skitur

Gradering

XX Blå

Lengde tur/retur (km)

10 km. t/r

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Lisjebøvatnet midt i biletet til venstre
Utsyn mot Volda frå toppen
Lett og fin nedkøyring
På veg mot Sandhornet (Blåfjellet)

Sandhornet (Blåfjellet)

Fotograf: Beko/Pel

Kvifor gå denne turen?

Sandhornet (Blåfjellet) er ein markant fjellrygg mellom Lisjebøheida og Folkestaddalen. Fjellet er godt synleg frå Volda og vert frå denne sida kalla Blåfjellet. Det er frå nord den markante profilen kjem best fram. Frå toppen er det ei fantastisk panoramautsikt mot Dalsjorden og fjella rundt, og mot Volda med Ørstafjella bak.

Kvar i terrenget går turen?

Turen startar der det er skilta "Fjellvegen". Denne vegen bygde Tussa i samband med oppdemming av Lisjebøvatnet. Om det er mykje snø startar du turen her, men er det mindre snø kan du køyre denne fjellvegen eit stykke før du tek på skia. Ved Lisjebøvatnet går du over demninga, og tek retning lett nordover mot salen mellom dei to høgste punkta. Bauting mellom 800-1000 m. Frå salen er det lett 500 m vest til varden.
Lett og fin nedkøyring.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Fv. 40 til Dale, ta av og køyr oppover dalen nesten til Rangsætergardane, til skilt "Fjellvegen". Køyr eller gå denne til Lisjebøvatnet.

Kvar kan du parkere?

Parkering langs "Fjellvegen".

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Ikke preparerte løyper 10
Lengde tur/retur (km) 10 km. t/r
Stigning meter grader
Total stigning 830 Høydemeter

Rasfare

Værforholdene og snøstabiliteten kan endre seg raskt, husk alltid å vurdere snøskredfare før du velger tur og rute. For oppdatert snøskredvarsel i Romsdalsområdet og informasjon om hvordan du selv kan redusere din egen risiko, gå til www.varsom.no. Snøskredvarselet vil aldri være en fasit på hvor det er trygt, men vil gi deg mer informasjon om forholdene slik at du selv kan gjøre fornuftige valg.

Skavl på nordaustsida av toppen

Kart

Sunnmørsalpane