English

Sandhornet (909 moh.)

Ørsta

Kort om turen

Turen frå Brudavollen til Sandhornet vert omtala som Ørsta sitt svar på Beseggen. Når du vandrar på ryggen mellom Kråkenakken og Sandhornet har du fantastisk utsikt over Ørsta, fjordar og øyane i horisonten. Du kan gå vidare frå Sandhornet og ned til Mossætra, då får du ein fin overgangstur.

Ruteskildring

Start frå skogsveg ovanfor Brudavollen. Det står ein minnestein ved starten. Første del av turen går på Hellevegen, ein hellelagd sti som går opp til Brekkesætra. Frå Brekkesætra følger du stien bakover forbi hytta og vidare opp på Kråkenakken. Litt bratt, men ikkje verre enn at alle greier det. Frå Kråkenakken vekslar det mellom stigning, flatt og litt nedover, før du startar på bakken opp til Sandhornet. Gi deg tid å nyte utsikta undervegs!

Tilkomst og parkering

Køyr E39 til Ørsta, ta av i Ørsta mot Sæbø på fv 655 ca 4,6 km til Høgebrua. Der køyrer du rett fram på fv 55, ca 800m, og tek av til venstre på ein bomveg (N62° 11.212' E6° 12.601'). Køyr denne 2 km uten å ta av på kryssande vegar, då er du ved minnesteinen der Hellevegen startar. Bompengar (kr.20 for bil i 2015) Du kan parkere der Hellevegen startar
Fottur
Blå
Lengde
3,7 km en vei
Stigning
766 m
Tidsbruk
3 t. 50 min.

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 7,4

Offentleg transport

Det er mogleg å sykle til start

Anna

Turen er omtala i "Fotturar på Sunnmøre", Iriss forlag Det er også mogleg å gstarte turen frå øvst i Mosmarka elle frå Øvre Mo

Kart

Sunnmørsalpane

Lenke til turskildring

Ørsta I.L. - trimgruppa
Køyreskildring
Print ut