Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Sandhornet 909 m.o.h.

Om turen

Gradering

Kommune

Ørsta

Type tur

Skitur

Gradering

XX Blå

Lengde tur/retur (km)

8,7

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Her startar turen
Utsikt mot Saudehornet og Vassdalstinden
Utsikt mot Ørstafjorden og Ørsta/Volda lufthavn
Frå toppen

Sandhornet 909 m.o.h.

Fotograf: RuBa

Kvifor gå denne turen?

Sandhornet ligg mellom flotte sunnmørsalpar og har ei flott utsikt. Ein får litt høgare nabotoppar tett inn på som gjer at ein har eit fantastisk skue frå toppen. Turen er mogleg for dei fleste og nedkøyringa er flott. Du kan sjølv velge kor bratt du vil køyre. Gjer du det rette vegvalet, er det sjeldan rasfare her.

Kvar i terrenget går turen?

Frå Brudevolltunet følger du vegen opp til nokre hytter ved Brudevoll gard. Her kjem du inn på skogsvegen som du skal følge første delen av turen. Vegen går først slakt vestover, følg så første skosgveg som tek av opp mot høgre. Når du kjem opp til toppen av bakken (N62° 11.461' E6° 11.713') kan du velge om du følger skogsvegen vidare eller om du vil gå opp gjennom bjørkeskogen. Det siste valet gir ei litt kortare rute til topps. Du finn oftast skispor opp gjennom skogen og du vil også passere ei steinhytte. Vegvalet vidare gjer du ut i frå kor bratt du vil gå og ut i frå snøforholda. Er de fare for ras går du mot Barstadsætra og følger dalen vidare oppover. Du skal sikte deg inn mot salen mellom Sandhornet og det lavare Rebbestadhornet. Ver obs på snøskavl frå salen og opp til toppen. Gå ikkje for langt ut på kanten!
På tur ned er det valt ei rute via Barstadsætra. Skrå vestover frå hytta mot skogsvegen slik at du får renne heile vegen ned att. Det høver fint å kome inn på skogsvegen omlag her: N62° 11.619' E6° 12.550'. Følg så skogsvegen ned att.
I den vedlagde lenkja frå Iriss forlag, ser du eit godt oversiktsbilete over ruta.

Lenke til turbeskrivelse

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Frå Ørsta sentrum køyrer du FV655 mot Sæbø. Ved Høgebrua tek du av til Brudevolltunet (Fv55), følg vegen 500-600 m til du kjem til eit nytt skilt merka mot Brudevolltunet og Brudevoll gard. Du skal følge denne skiltinga.
Parkering ved Brudevolltunet.

Kvar kan du parkere?

Parkering ved Brudevolltunet.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Ikke preparerte løyper 8,7
Lengde tur/retur (km) 8,7
Stigning meter grader
Total stigning 805 Høydemeter

Offentlig transport

Nei

Rasfare

Værforholdene og snøstabiliteten kan endre seg raskt, husk alltid å vurdere snøskredfare før du velger tur og rute. For oppdatert snøskredvarsel i Romsdalsområdet og informasjon om hvordan du selv kan redusere din egen risiko, gå til www.varsom.no. Snøskredvarselet vil aldri være en fasit på hvor det er trygt, men vil gi deg mer informasjon om forholdene slik at du selv kan gjøre fornuftige valg.

Gjer du rette vegvala er det sjeldan rasfare.

Kart

Sunnmørsalpane