Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Sandfjelltua via Blæjevatnet

Om turen

Gradering

Kommune

Vanylven

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur/retur (km)

6,8

Lengde en vei (km)

3,4

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Sandfjelltua sett frå Skorretehornet med utsikt til Syvdefjorden.
Ved utløpet frå Blæjevatnet er det lett å krysse.
Turfylge som har gått Blæjeegga kviler før nedturen til Blæjevassbu.
Utsikt frå Sandfjellet mot Blæja

Sandfjelltua via Blæjevatnet

Fotograf: Atle MIdtbø

Kvifor gå denne turen?

Sandfjelltua med sine 1002 m.o.h. er den lavaste 1000 meters toppen i Syvdefjella. Fjellet er mykje nytta til skiturar om våren og om hausten kan du møte rypejegerar her. Frå Sandfjelltua har du fin utsikt til dei høgaste fjella i Vanylven, nemleg Blæja 1142 m.o.h. og Myrkevasstinden 1131 m.o.h. Herfrå kan du også beundre Blæjeegga som speglar seg i Blæjevatnet.

Kvar i terrenget går turen?

Frå Røfsdalsætra er det ein relativt kort tur til Blæjevatnet, 30 – 45 min. Startpunkt er frå parkeringsplassen på Røfsdalsætra, følg vegvisar til Blæjevatnet. Råsa startar ovanfor hyttene og er lett å sjå, merka med blåmalte steinar og stikker. Kryssing av ei lita elv som kan vere stor etter kraftig regn. Råsa får god stigning etterkvart og du kjem raskt opp i høgde. Ved Tåbrothytta er det passeleg å puste ut, den brattaste kneika er over. Herifrå går råsa over nokre knausar og terrenget flatar etterkvart ut innover lyngheiane mot Blæjevassbu.
Frå Blæjevassbu føl du råsa til venstre, kryssar elva som renn frå Blæjevatnet til skiltet som markerer Olavskjelda.

Ved Olavskjelda ser du oppover lyngrabbane som strekker seg oppover Sandfjellet. Frå Olavskjelda er det ikkje merka fordi herfrå er rutevalet ditt. Det er berre å velje ein lyngrabb og gå den rett opp dei 300 høgdemeterane til toppen.

Kulturminne

Sjå Blæjevatnet rute 53.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Frå Syvde sentrum køyrer du imot Saurdal. Ved Smedbøen svingar fylkesvegen mot høgre og du fortsett rett fram, mellom nokre bolighus. Når du har køyrt forbi husa er det reist ein stor stein på høgre side med ei kasse for bompengar til Myklebust sameige.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 4,2
Dårlig sti 0,3
Natur 0,5
Lengde tur/retur (km) 6,8
Lengde en vei (km) 3,4
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 32
Bratteste helning ned 32
Total stigning 740 Høydemeter

Kart

Turkart: På tur i Vanylven – kan kjøpast i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven bl.a. Coop marked Syvde.