Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Sandfjelltua frå Kvanndalen i Nordalen - rute 49d

Om turen

Gradering

Kommune

Vanylven

Type tur

Fottur

Gradering

XX Blå

Lengde tur/retur (km)

5,4 t/r

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Skaregarden er eit interessant og viktig kulturminne på høgste punktet mellom Sandfjelldalen og Kvanndalen
Ny varde med solid stein under bygging hausten 2013 etter at orkanen Dagmar tok den forrige romjula 2011
Sandfjelldalen sett frå Sandfjelltua
Den blå linja markerer kvar ruta går

Sandfjelltua frå Kvanndalen i Nordalen - rute 49d

Fotograf: John Willy Klungre

Kvifor gå denne turen?

Sandfjelltua er med sine 1002 moh den lågaste av fjella over 1000 moh i Syvde og Vanylven. Frå toppen er det vid og god utsikt både mot dei høgste fjella i Vanylven og utover havet. Turen frå Kvanndalen til Sandfjelltua er ein mykje brukt skitur om vinteren, og kanskje spesielt på seinvinteren og våren, når vegen opp til Kvanndalen blir opna etter vinteren. Starten på turen ved demninga i Kvanndalen er 530 m.o.h., og det betyr at ein er over tregrensa. Ein slepp dermed unna alt av kratt og anna av irriterande vegetasjon.

Kvar i terrenget går turen?

Det er skilta ved startpunktet på turen, og også i stikrysset på toppen av første motbakke. Heile ruta er merka. Etter å ha passert dei 2 Skarevatna, og Skaregarden på toppen av mellom Kvanndalen og Sandfjelldalen følgjer råsa (stien) ein bergrygg nedover til elva. Vanlegvis går det veldig greitt å krysse elva der ved å gå på steinar der det er merka. Frå elva følgjer ein først ein ny bergrygg med tynt humusdekke før ein kjem over på ein litt tung grasbakke som er tung å gå opp, men behageleg fjørande på veg ned. Lenger oppe følgjer ruta sauerås (sauesti) og ved å følgje den merka ruta slepp ein å gå i steinur i ei fjellside der det er mykje steinur

Kulturminne

På det høgste punktet mellom Skarevatna og Sandfjelldalen passerer ein restane av ein steingard (steinmur) av stor kulturhistorisk verdi. På 1800-talet var innbyggarane i Nordalen busett i 2 bygdetun i Heimste (midt i dalen) og Fremste (lengst framme) Nordalen. Husdyra frå gardane som høyrde til Heimste Nordalen hadde beiterett i Sandfjelldalen og husdyra frå Fremste Nordalen hadde beiterett i Kvanndalen. I motsetning til situasjonen no med attgroing av beiteområda var det i denne perioden svært sterkt beitepress og mangel på beite. Dermed var det ein del konflikter .

I følgje (Fiskaa, Haakon M., 1974, 167) hadde Forlikskommisjonen både i 1849 og 1850 møter i området for å mekle i konflikter om retten til beiteområde. Forlikskommisjonen brukte den makta dei hadde slik at det vart laga detaljerte og omfattande avtalar for å sikre at alle husdyrhaldarane skulle få tilgang til fjellbeite. Dei store områda vart delt inn i mindre område, til ein viss grad ei form for privatisering. Ein av dei mange punkta i avtalen var at Skoregarden på biletet over skulle byggjast for å hindre dyra i å gå på feil beiteområde. Steingarden startar i ei høgd av ca 500 m.o.h. og går opp til 800 m.o.h. i ei lengd av ca 2 km. Eit stort og omfattande arbeid med tanke på at ein først måtte gå frå dalen og opp før ein kunne starte arbeidet for dagen.

Eit interessant punkt i «dommen» frå Forlikskommisjonen var at om dyra kom inn på feil område skulle det betalast bøter, men ikkje til «motparten». Bøtene skulle betalast til Fattigkassen, og var dermed eit bot til samfunnet.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

For å kome til startpunktet i Kvanndalen køyrer ein frå Syvde til Norddalen. Det står skilt mot Norddalen 300 meter nordvest for kyrkja i Syvde. Køyr Norddalen heilt til endes. Deretter køyrer ein fjellvegen som startar i enden av dalen heilt til vegen sluttar ved kraftverksdemninga i Kvanndalen. Det er god plass til parkering ved demninga

Rute på kart

Underlag Lengde i km
God sti 2,3
Dårlig sti 0,4
Lengde tur/retur (km) 5,4 t/r
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 200 18
Bratteste helning ned 200 18
Total stigning 500 Høydemeter

Mobildekning

Mobildekning på delar av turen

Kart

Turkart: På tur i Vanylven – kan kjøpast i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven