English

Sandfjelltua

Vanylven

Kort om turen

Sandfjelltua er ein av 1000m toppane i Vanylven. Her er god utsikt til Blæja, som er den høgste, og til dei andre fjella i Vanylven. Du ser også mykje av fjella i Volda og fjella i Nordfjord. Sida frå Sandfjelltua og ned til Sandfjelldalen byr på ei av dei finaste nedfartene i Vanylven, ca 350 høgdemeter med ei helling på 20 til 30 grader.

Ruteskildring

Turen til Sandfjelltua startar fremst i Nordalen. Følg fjellvegen ca 3,3 km framover mot Kvanndalsvatnet, ca 500m før vatnet tek du til høgre opp sida mot Skoravatnet, når du kjem oppå kanten før Skoravatnet ser du Sandfjelltua midt imot. Du kan gå både på sørsida eller på nordsida av Skoravatnet og gå over neste rygg der den er lavast, då er det berre å krysse Sandfjelldalen og gi seg i kast med dei siste 350 høgdemeterane opp til toppen. Det kan vere ein fordel å kome opp der det er lavast mellom Sandfjellegga og Sandfjelltua og gå ryggen dei siste meterane til toppen. Etter kvart som det vårast går det å køyre lenger og lenger opp fjellvegen, og skituren vert tilsvarande kortare.Seint på våren kan det også vere vanskeleg å krysse elva i Sandfjelldalen, det kan då vere ein fordel å gå fram til Myrkevatnet og krysse elva der. Sida opp til Sandfjelltua er ganske bratt, så dei fleste velger å gå i sikksakk oppover. Der er også moglegheit å gå nordover Sandfjelldalen og kome opp mellom Nyklen og Sandfjellegga og gå egga derifrå og bort på Sandfjelltua. Dette er ein del lenger men ikkje på langt nær så bratt som å gå rett opp sida.

Tilkomst og parkering

Køyr fv 652 til Syvde, ta av til Nordal på nordaustsida av Syvde sentrum, køyr så langt fram i Nordalen som det går. Parkeringsplass fremst i Nordalen, eventuelt parkeringsplassar ved fjellvegen.
Skitur
Svart Fjell
Lengde
5,46 km en vei
Stigning
899 m
Tidsbruk
3 t. 40 min.
Sesong
Vinter, Vår
Høyeste punkt
1001 moh
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Kart

På tur i Vanylven, M711 1119 II, Sunnmorskart.no
Køyreskildring
Print ut