Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Sandfjellet/Heimsteskorkja

Om turen

Gradering

Kommune

Stordal

Type tur

Fottur

Gradering

XXX Rød

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde tur/retur (km)

10,6

Lengde en vei (km)

5,3

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Sandfjellet og nabotoppen Heimsteskorkja
Varden på Heimsteskorkja
Utsikt mot Stordal
Sandfjellet sett frå Storfjorden

Sandfjellet/Heimsteskorkja

Fotograf: Ruth Janne Vinje

Kvifor gå denne turen?

Fjellet Sandfjellet er synleg frå Stordal sentrum. Litt lenger nord ligg nabotoppen Heimsteskorkja, som er grensefjell mot Ørskog. Frå Sandfjellet er utsikta flott ned mot Stordal og Storfjorden. Går ein dei 400 meterane bort til Heimsteskorkja er det eit heftig stup ned til Litlebotnvatnet.

Kvar i terrenget går turen?

Ein startar på skogsvegen bak Midtbustgardane. Denne går først forbi eit gammalt kvernhus og over ei bru. Ein fyl skogsvegen eit stykke opp, til om lag der hogstfeltet sluttar, her tek ein inn på råsa. Seint på sommaren er det mykje bringebærkratt som kan gjere den vanskeleg å finne. Har ein komen inn på råsa er den lett å følgje. Første del av turen går gjennom granskog, og ein må gå ganske langt opp før ein får noko utsikt. Ei gammal steinbru leder over elva, og då er det lett terreng opp til selet på Midtbustsætra. Ein fortset vidare og har no toppen av Sandfjellet i sikte. Ein må etterkvart forlate den trakka råsa, og gå gjennom myr, småskog og over små bekkar. Ein bør sikte seg inn mot skaret før Sandfjellet, før ei tek til på siste del av oppstigninga. Frå toppen av Sandfjellet er det om lag 400 meter bort til Heimsteskorkja, der turkassa er plassert.

Kulturminne

Midtbustsætra, gammalt sel

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Ein går inn vegen nordover til Midtbustgardane, og går bak dei siste husa inn mot fjellet.

Kvar kan du parkere?

Parkering ved Rosekyrkja. NB! Ikkje parkering i gardstun!

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Traktorveg 0,5
God sti 1,5
Natur 1,5
Myr 1
Lengde tur/retur (km) 10,6
Lengde en vei (km) 5,3
Stigning meter grader
Bratteste helning opp 10 37
Total stigning 1266 Høydemeter

Offentlig transport

Bussrute mellom Ålesund og Valldal, sjå frammr.no

Mobildekning

Ja

Spesielle forhold

Sandfjellet er eit vanleg fjellnamn, og tre fjell i Stordal heiter Sandfjellet. Eit i nedste del av dalen som grensar til Ørskog. Det er beskrive her. På Langsætrane ligg det andre Sandfjellet som grensar mot Tresfjord. I Litlebotnen ved Ekre ligg Sandfjellet som grensar mot Valldal.

Kart

Turkart Ørskogfjellet