English

Sandfjelldalen rundt – rute 49 C og D – rundtur frå Kvanndalen – Nordalen -Syvde

Vanylven

Kort om turen

Luftig, flott og lettgått rundtur til fleire toppar over 1000 m.o.h., og med vid og luftig utsikt til Sunnmørsalpane, fjella i Nordfjord og utover havet store delar av turen. Med start på 530 m.o.h. går det fort og greitt å kome opp i høgda. Heile rundturen er merka med blå merke, og det er skilta i begge stikryssa. Denne turen er ein kombinasjon av rute 49 C og 49 D og er innom både Myrkevasstinden og Sandfjelltua. Har ein god tid kan ein også legge inn ein tur innom Blæja som med 1142 m.o.h. er høgste fjellet i Vanylven, eller avslutte turen med eit bad i eitt av dei mange små vatna i smådalane nord for Sandfjelltua. Turen går rundt Sandfjelldalen, som om ein ser bort i frå beiting av husdyr, er ein dal som er lite prega av spor etter menneske. Det tydelegaste sporet etter menneske finn ein ikkje før ein kjem langt ned i dalen der elva blir ført i tunnel gjennom fjellet til Kvanndalen og kraftmagasinet der. Kraftmagasinet og demninga i Kvanndalen ser ein heilt i starten av turen, men ein skal ikkje gå mange minutt før ein går i urørt natur. Lengst framme i Sandfjelldalen ligg Myrkevatnet. I framkant av vatnet er det ei svært tydeleg endemorene, og når ein ser på kor lenge utover sommaren og tidleg haust snøen ligg i botnen bak vatnet kan ein truleg rekne med at det var ein botnbre i området i den vesle istida for nokre få hundre år sidan. Før ein går rundt Sandfjelldalen kan det vere lurt å lese info om rute 49 C til Myrkevasstinden på: http://mrfylke.no/Morotur/Turar/Myrkevasstinden-rute-49-C-fraa-Kvanndalen-til-Myrkevasstinden og om rute 49 D til Sandfjelltua på: http://mrfylke.no/Morotur/Turar/Sandfjelltua-fraa-Kvanndalen-i-Nordalen-rute-49d

Ruteskildring

Mange vil truleg finne det lettast å gå først til Myrkevasstinden og deretter vidare til Sandfjelltua. Det er fast og tørt heile vegen til Myrkevasstinden og dermed lett å gå i oppoverbakke denne vegen. I tillegg er det eit stykke med mjuk grasbakke lengst nede på veg ned frå Sandfjelltua, og dei fleste vil oppleve det lettare å gå ned enn opp denne grasbakken. Går ein denne vegen får ein kryssing av elva i Sandfjelldalen til slutt, og dermed vil det bety mindre om ein skulle blir våt i samband med kryssing av elva. Både turen til Myrkevasstinden og Sandfjelltua er gradert som blå tur. Rundturen rundt Sandfjelldalen inneheld også partiet mellom Myrkevasstinden og Sandfjelltua og her finn ein dei brattaste partia på turen og også litt enkel klyving på nordsida av Skorretehornet. Dette er grunnen til at rundturen har raud gradering medan dei to andre turane har blå gradering. Men det er ikkje stor skilnad i vanskegraden på rundturen i høve til dei to andre turane. For dei som helst vil utføre enkel klyving i motbakke kan det vere greiast å først gå til Sandfjelltua og deretter til Myrkevasstinden.

Tilkomst og parkering

For å kome til startpunktet i Kvanndalen køyrer ein frå Syvde til Norddalen. Det står skilt mot Norddalen 300 meter nordvest for kyrkja i Syvde. Køyr Norddalen heilt til endes. Deretter køyrer ein fjellvegen som startar i enden av dalen heilt til vegen sluttar ved kraftverksdemninga i Kvanndalen. Det er god plass til parkering ved demninga. Frå starten i Kvanndalen er det rask og lett rås (sti) opp til dei to Skarevatna der ein kjem til første stikrysset på turen og må velje om ein vil gå til M
Fottur
Rød
Lengde
8,03 km rundtur
Stigning
592 m
Tidsbruk
3 t. 30 min.
Høyeste punkt
1131 moh
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 7
Ingen sti 1

Kart

Turkart: På tur i Vanylven – kan kjøpast i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven
Køyreskildring
Print ut