English

Samhjartet frå Brattvåg

Haram

Kort om turen

Fin tur gjennom Synnalandsdalen langs vatn, Passerer Gjersetdalen Villmarksområde og Raude Kors hytta før oppstigning til Samhjartet/Tinden. Utsikt nordover gjennom Synnalandsdalen mot Nordøyane, Samfjorden, Helland med Hellandshorn. Også fin utsikt sørover mot Grytafjorden med Sunnmørsalpane i bakgrunn. Turpost registrering på toppen. 

Ruteskildring

Gå sørover på veg langs Synnalandsvatnet frå parkeringsplassen i nordenden av Synnalandsvatnet. Valfritt kva side av vatnet ein vil velge å gå på. I synste enden av vatnet følg skogsveg vidare sørover mot Gjersetdalen. Etter å ha passert Gjersetdalen Villmarksområde og Raude Kors hytta på venstre hand gå til høgste punkt på vegen (Høgstølen). Hurtigste veg til topps går bratt opp gjennom skogen frå dette punktet (dårleg merka sti). Alternativt kan ein gå vidare ca 1 km og følge skilta og godt merka sti mot toppen langs ryggen frå sør. Skilta mot Tinden/Samhjarte. Denne ruta er mindre bratt enn første alternativ.

Tilkomst og parkering

Etter Haramssenteret i Brattvåg sentrum tek ein av til venstre og køyrer forbi Brattvåg barneskole. Her skal ein ta til venstre igjen mot idrettsanlegg og skular. Køyr forbi idrettsanlegget til Brattvåg IL og ta av første veg til høgre. Etter om lag 200 meter kjem ein til stor parkeringsplass på høgre sida, ved demninga til Synnalandsvatnet.

Fottur
Blå
Stigning
436 m
Tidsbruk
4 t. 25 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Lysløype
Deler av turen
Høyeste punkt
392 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 5
Sti 2
Køyreskildring
Print ut