English

Saksa

Ørsta

Kort om turen

Saksa ligg på austsida av Hjørundfjorden og har ei fantastisk utsikt.  På denne turen kan du i tillegg oppleve ein flott gapahuk, restar etter gamle setrer, sherpalagte trinn i steinura og eit gamalt bjørnehi i Leknesdalen.

Ruteskildring

Frå turparkeringa ved Urkeelva går stien opp gjennom skogen. Etter ca 250 meter kjem du til ein grusveg. Ta til høgre her og hald fram på vegen til det går av ein skogsveg/sti til venstre forbi hytte. Stien går no  opp mot Leknesdalen. Når du kjem oppå kanten til Leknesdalen får du gapahuken på høgre sida, der er eit flott utsiktspunkt. Når du kjem oppi Leknesdalen går råsa mot nord i store svingar opp til steinura, då går råsa i sikksakk på hellelagde trappetrinn opp til toppen.

Denne turen går til den sørlege toppen på Saksa, høgste punktet ligg på den nordlege toppen, råsa dit går bratt ned på nordsida av den sørlege toppen, over den midtre toppen og til den nordlege, turen frå den sørlege toppen til den nordlege toppen er luftig, og ikkje å anbefale for dei med høgdeskrekk.

Tilkomst og parkering

Frå vest: E 39 til Ørsta, ta av i Ørsta sentrum på fv 655 skilta til Sæbø, ta ferje frå Sæbø til Leknes (NB sjekk ferjeruta, lenge mellom kvar avgang) Frå Leknes køyr 1,8 km til Urke. Køyr til Urke landhandel, og ta til venstre rett etter butikken. Turparkering etter ca 100 meter. Frå aust: ta av frå fv 60 ca 4 km vestapå Hellesylt og køyr fv 655 til Urke.Ta til høgre rett etter Urkeelva. Turparkering etter ca 100 meter. På Urke tek du av på vegen som går langs Urkeelva midt i bygda. Turparkeri
Fottur
Rød
Lengde
3,5 km en vei
Stigning
950 m
Tidsbruk
4 t. 5 min
Høyeste punkt
1001 moh

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 5,9

Anna

Råsa til Saksa vart utbedra og steinura under toppen vart trappelagt av sherpaer i 2015. Der vart også bygd ein gapahuk på kanten av Leknesdalen på same tid. I Leknesdalen finn vi restar etter gamle setrar og der er også eit gamalt bjørnehi.

Kart

Sunnmørsalpane, M711 1219 III, sunnmorskart.no
Køyreskildring
Print ut