English

Seterbøsetra

Surnadal

Kort om turen

Fleire av trimpostane til Bæverfjord i.l. ligg på gamle setervollar, og Seterbøsetra er ein av desse. I dag er det berre restar etter eitt av dei gamle seterskjela igjen. Dette er elles ein av dei turane som er brattare enn den er lang, så her er det mulegheiter for alt frå ei beinhard treningsøkt til ein dagstur med familien.

Ruteskildring

Frå parkeringa går du eit par hundre meter tilbake etter vegen. Eit skilt på høgre side viser der vegen i retning Tverrlihytta. Kryss ekra og følj skogsvegen og skiltinga vidare mot Tverrlihytta. Merkinga følgjer brattaste trase, men viss du foretrekkjer ein slakare trase, kan du følgje dei stipla linjene som går ut ifrå gps-fila på kartet. Etter 1,8 km er du framme ved skjelet på Seterbøsetra, som no er til nedfalls.

Tilkomst og parkering

Køyr oppover Bøverdalen til du kjem til Seterbøen, nesten 4 km frå krysset i Bøverfjorden. Parker ved skilta parkering for Tverrlihytta på høgre side av vegen, ved Borstua.
Fottur
Blå
Stigning
361 m
Tidsbruk
1 t. 50 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
379 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 0,6

Offentleg transport

Nei

Kart

Fjordruta
Køyreskildring
Print ut