Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Ryssdalen over Fremste Synnalandsheia frå Brattvåg

Om turen

Gradering

Kommune

Haram

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Total lengde rundtur (km)

6,5

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Ryssdalen over Fremste Synnalandsheia frå Brattvåg

Fotograf: Johannes Strand

Kvifor gå denne turen?

Tur i stort sett lett terreng med fin utsikt frå toppen av Fremste Synnalandsheia. Registrering i Brattvåg IL Trimgruppe si bok ved synste enden av tjønna i Ryssdalen. Fin tur langs veg langs Synnalandsvatnet til utgangspunktet.

Kvar i terrenget går turen?

Start frå parkeringsplass ved demninga i nordre enden av Synnalandsvatnet. Vestover på vei til Vassverket og forholdsvis bratt stigning vestover mot Hestevatnet. Ta av til venstre på merka sti mot Ryssdalen ved toppen av stigninga og gå sørover langs ryggen på Fremste Synnalandsheia (455 moh). Ta eventuelt av til høgre på godt merka sti etter ca 5-600 m. dersom ein heller vil gå gjennom Ryssdalen. Ved postkasse i sørenden av tjønna i Ryssdalen følg godt merka sti (Dyrstigen) ned- og austover i relativt bratt og vått terreng til ein møter vegen langs vestsida av Synnalandsvatnet. Følg den nordover til utgangspunktet ved demninga.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Frå Brattvåg sentrum køyrer ein opp til byggefeltet Fjellbu til parkeringsplass ved demning i nordenden av Synnalandsvatnet.

Kvar kan du parkere?

Parkeringsplass ved demninga i nordenden av Synnalandsvatnet

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Fast grus 1,5
God sti 5
Total lengde rundtur (km) 6,5
Stigning meter grader
Total stigning 383 Høydemeter