English

Rundtur på Silsetfjellet

Gjemnes

Kort om turen

Turen kan takast både sommar og vinter og er ein flott rundttur i relativt lett turterreng. Turen går over 3 fjelltoppar, har utsikt mot storhavet, romsdalsfjella og heile Nordmøre! På sommaren er det gode moglegheiter for bading i små tjønner, elver og vatn, samt overnatting ute.

Ruteskildring

Skitur: Følg vegen i 2,8 km før du tek av til venstre og følgjer bekkadal opp til ryggen til Indergardsnebba. Følg denne til topps av fjellet. Deretter ned i skaret mellom Indergardsnebba og Steinmerra. Her er dei to brattaste partia på turen, både opp og ned. Men etter ein kort bratt bakke er du opp på Steinmerra og kan nyte utsikta mot storhavet og Nordmøre. Hald fram langs ryggen forbi to små vatn før du sett kursen mot Mainnj/Mana og får ein fin unnabakke kor du kan kvile. Så er det motbakke opp til toppen av Mainnj og du er ferdig med motbakkane på turen. No gjenstår berre fin nedkjøring mot Randa og vidare nedover mot Stokkåsen. Hald så fram til Indergardssetra langs skogsveg og du er tilbake på vegen du skal følge tilbake til parkeringa.Fottur: Køyr på bomveg til Indergardssetra. Følg skilting til Indergardsnebba. Frå Indergardsnebba er ruta lik skitur-ruta. I dei små tjønnene på toppen av Steinmerra er det fint å bade på varme sommardagar, samt å overnatte under open himmel. Fantastisk solnedgang og soloppgang kan opplevast her!

Tilkomst og parkering

Skitur: Silset. 2,5 km etter/før Batnfjordsøra er det skilta til Silsetfjellet. Køyr 600 m før du parkerer på parkeringsplass ved gardsbruk. Parkeringsavgift. Fottur: Køyr til Silset og hald fram på bomveg til Indergardssetra. Bomveg kr. 30. Silset. Følg skilting til Silsetfjellet og parker ved gardsbruk. Parkeringsavgift.
Fottur
Blå
Stigning
932 m
Tidsbruk
9 t. 50 min.
Sesong
Sommer, Høst
Høyeste punkt
779 moh
Merking
Skiltet

Løype på kart

Offentleg transport

Ta timeekspressen til Silset og gå frå hovudvegen og opp til turstart.

Kart

Turkart Kristiansund og Topografisk kartserie M711 Blad 1320 IV Eide og blad 1320 I Tingvoll
Køyreskildring
Print ut