Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Rundt om Kraftstasjonen

Om turen

Gradering

Kommune

Surnadal

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Lengde tur/retur (km)

8 km

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Elva Bøvra blir kryssa to gonger på rundturen.
Her svingar du til høgre om du gjennomfører rundturen "med klokka".
Hengebrua over Bøvra.

Rundt om Kraftstasjonen

Fotograf: Norunn Holten

Kvifor gå denne turen?

Dette er ein rundtur i Bæverfjord som du kan gjennomføre ved å gå, sykle eller jogge. Du kan starte kvar som helst på runden, og du krysser elva Bøvra to gonger. Turen går hovudsakleg etter asfalt og god grusveg, og passeringa av hengebrua over Bøvra vil for mange vera høgdepunktet på turen. Runden går i flatt terreng, og er ein lett nystartartur på sykkel. Til fots tek turen ca 1- 1,5 time rask gange. Vi beskriv her turen med startpunkt Bæverfjord S-lag.

Kvar i terrenget går turen?

Du kan starte kvar som helst på runden, men vi vel her å ta utgangspunkt i Bæverfjord samvirkelag i sentrum av Bæverfjord. Herifrå går du etter riksvegen i retning Nordmarka. Ta av til venstre inn på Vollavegen og gå opp til enden av vegen ved kraftstasjonen. Gå forbi kraftstasjonen og sving ned mot elva og hengebrua over Bøvra. Fortsett etter grusvegen på andre sida og ta til venstre nedover dalen igjen når du kjem til eit t-kryss. Følj vegen ned att til samvirkelaget.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Kvar som helst på runden.

Kvar endar turen?

Som startstad.

Kvar kan du parkere?

Viss du må køyre fram til rundløypa, er det beste parkeringsalternativet ved Bøfjord og Bæverfjord oppvekstsenter.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 4
Fast grus 4
Lengde tur/retur (km) 8 km
Stigning meter grader
Total stigning 30 Høydemeter

Offentlig transport

Hit tek ein neppe buss, sjølv om det går an. Dette er ein typisk "lokaltur" som fastbuande og besøkjande brukar. Sjå evt. Nettbuss sine ruter.

Mobildekning

Ja.

Kart

Ikkje nødvendig