English

Rovde – Breiteigsfjella rute 25 / 43

Vanylven

Kort om turen

Fantastisk utsiktstur i lett terreng er vel det som lettast kan beskrive denne turen som går i lett terreng der ein har vid utsikt det meste av turen. Viss ein ynskjer ein kjappare, tyngre og tøffare variant kan ein gå frå Syvdsnes til Skår og få same utsikten, eller ein kan gå merka rute tur/retur frå Skår. 

Ruteskildring

Viss ein ynskjer ein tur i eit terreng der ein store delar av turen kan gå fleire i breidda i lett terreng, og i tillegg kunne nyte utsikten er det eit godt val å starte på parkeringsplassen på enden av vegen i Årskogdalen på Rovde. Då får ein starte over tregrensa frå parkeringsplassen på 460 moh. Allereie her er det utsikt over øyane mot nord. På god sti kjem ein fort opp til Myrkevatnet. Der går ein langs ein bergrygg mot vest til ein ser fjellplatået vestover. For dei sosiale fjellvandrarane er dette eit fantastisk område. Her kan ein gå jamsides i gras- og blomstereng og prate, samstundes som utsikta blir betre og betre.

Fjelltoppane her er på knappe 1000 moh og utsikta er storslått mot nord og aust. Returen tilbake til Årskogdalen går fort i lett terreng, men ein må setje av ein dag skal ein få fullt utbytte av denne turen, viss ein då ikkje heller vil bruke ei natt midtsommars og oppleve fantastiske fargenyansar med solnedgang og soloppgang, og i dei blå timane i mellom.

Det er merka med blå merke heile vegen frå parkeringsplassen på enden av vegen i Årskogdalen og tilein kjem ned til veg i Skåradalen ovanfor Skår. Når ein går opp frå Årskogdalen skal ein passe på å halde til høgre i stikryssa når ein nermar seg Myrkevatnet.Den merka ruta til Breitiegsfjella tek av frå stien til Myrkevatnet om lag 100 meter før ein kjem til dei første hyttene ved vatnet.

Tilkomst og parkering

Ta av frå riksvegen på Rovde til Årskogdalen. Der asfaltevegen tek slutt byrjar bomvegen (kr 30). Følg bomvegen framover Årskkogdalen så langt den går. På enden av vegen er det parkeringsplass. Det er god og tydeleg sti frå parkeringsplassen og opp til Myrkevatnet. Der går ein opp ein bergrygg til ein ser fjellplatået vestover mot Breiteigsfjella.
Fottur
Blå
Stigning
647 m
Tidsbruk
4 t. 30 min.
Sesong
Sommer, Høst
Høyeste punkt
973 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 11

Kart

Turkart: På tur i Vanylven – kan kjøpast i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven

Betalingsmiddel for bomvei

30 kr
Køyreskildring
Print ut