Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Rotsethornet - Hornet - Skarphornet

Om turen

Gradering

Kommune

Volda

Type tur

Fottur

Gradering

XXX Rød

Gradering for rullestolbrukarar

Ikkje tilgjengeleg

Lengde tur/retur (km)

14,8

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Skilta mot Humbersetsætra
Humbersetsætra og Hornet bak
Utsikt mot Volda frå ryggen ved Skarphornet
Utsikt frå Rotsethornet

Rotsethornet - Hornet - Skarphornet

Fotograf: RuBa

Kvifor gå denne turen?

Turen går i fjellområdet som ligg mellom Voldsfjorden og Rotevatnet. Her er fin utsikt i mange retningar, og med start på Rotsethornet kan ein velge korte eller lange turrunder. Denne runda må du rekne minimum 6 timar på, og den vil gi deg ei flott turoppleving!

Kvar i terrenget går turen?

Følg skilting til Rotsethornet. Det er forholdsvis bratt opp til Rotsethornet, men ikkje vanskeleg. Enkelte plassar er det lagt ut kjetting til hjelp. Nokre plassar deler stien seg. Hald til høgre dersom du er i tvil. NB! hald deg til stien!
Frå toppen av Rotsethornet (649 moh) følger du merking bakover til Høgedalen. Nokre plassar kan det vere vanskeleg å sjå stien. Sjå etter merking så finn du den nok. Ta av ved skilt til Humbersetsætra. Stien er litt svak, men samanhengande, så det går greit å finne fram. Ved Humbersetsætra kan det passe godt å ta ein rast, det er endå eit stykke att. Stien går vidare bakover mellom sela på sætra. Han kan vere litt utydeleg nokre plassar, men hald deg litt godt oppe i sida. Her er stien tydeleg og det er tørt og fint å gå. Siste stykket opp mot Hornet (693 moh) finn du ingen sti. Frå Hornet og ned til skaret før du skal opp att til Skarphornet, kan det vere litt vanskeleg å finne stien. Gå over til ryggen som ligg litt nærmare sjøen. Du vil sjå at det går ein tydeleg sti der. På ryggen opp att til Skarphornet (695 moh) er det stort sett tydeleg sti. Vidare til Botnaseætra er det sti på ryggen, men når du skal ned til sætra forsvinn stien og du må berre sikte deg inn mot sætra. Det går heilt fint å gå i terrenget her. Frå Botnasætra og tilbake til start er det skogsveg. Først litt bratt ned til Rotevatnet og så flatt langs Rotevatnet og tilbake til start.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Køyr frå Volda sentrum mot Stryn. Like før Rotsethorntunnelen startar turen. Her er det godt med parkering og det er skilta "Rotsethornet. Kalsethola".

Kvar kan du parkere?

Det er godt med plass på parkeringsplassen ved Rotsethorntunellen

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Fast grus 5
God sti 7,5
Dårlig sti 1,5
Natur 0,8
Lengde tur/retur (km) 14,8
Stigning meter grader
Total stigning 1177 Høydemeter

Offentlig transport

Ringruta i Volda. Det går ofte buss frå Volda sentrum mot sjukehuset. http://www.177mr.no/
Gå av ved rundkøyringa ved Høgskulen og gå til start.

Spesielle forhold

NB! Det er ikkje vatn å finne før du kjem til Botnasætra så ta med det du treng av drikke undervegs

Kart

Nærturkart for Volda. Sunnmørsalpane