Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Morotur > Turar > Rotevatnet rundt via Skinstøylen

Om turen

Gradering

Kommune

Volda

Type tur

Fottur
Sykkeltur

Gradering

X Grønn

Lengde tur/retur (km)

8,0

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Gå rett fram her. Vegen til venstre fører til Botnasætra
Denne hytta har vore her i årevis! Eit landemerke
Vegen går langs vatnet.
Skinstøylen

Rotevatnet rundt via Skinstøylen

Fotograf: RuBa

Kvifor gå denne turen?

Turen rundt Rotevatnet er ei sentrumsnær og ofte nytta turrunde for store og små, firbeinte og tobeinte og for dei som vil sykle. Store delar av turen er bilfri og går på grusveg. Det er mange stadar ein kan stoppe for å raste, bade eller berre sitte og nyte naturen. På Botnasanden, i austenden av vatnet, er det langgrunt og fint å bade særleg for dei små.
Frå Vassbotnen og opp på hovudvegen kan det vere noko trafikk. Vel oppe på hovudvegen er det gang- og sykkelveg. Ned den siste lange bakken, må du sjå opp for store og små stikkvegar frå høgre.

Tek ein avstikkaren ned til Årneset, finn ein både badeplass, sandvolleyballbaner og diskgolf.

Kvar i terrenget går turen?

Frå starten følger ein gangvegen eit kort stykke i retning Stryn. Like etter start, ved den første brua og like ved 70-skiltet, tek du av på den grusa gangvegen på venstre side. Dette er øvste del av Elvadalen og vegen går langs Øyraelva, forbi Volda stadion og på grus- og gangveg langs Rotevatnet. Følg vegen vidare til du kjem til Vassbotn og du ser ei hytte oppi eit tre. Like før hytta, tek du vegen opp til høgre og følger denne opp til ei grind. Etter grinda går du rett fram omlag 300 m, til du kjem til eit oppdemt vatn. Dette er Skinstøylen, ei lita perle som ikkje så mange kjenner til. Rullestolbrukarar må vere oppmerksame på at deler av denne turen kan ha stigning over 1:12.

Kulturminne

Elvadalen mellom Rotevatnet og Volda sentrum har sidan byrjinga av 1800 - talet spela ei sentral rolle for framveksten av det moderne samfunnet og har, sett på bakgrunn av mangfaldet av aktivitetar særleg knytt til utnytting av vasskrafta, stått sentralt i “industrialiseringa” av bygda.
Mylnefallet kraftverk ligg der du kjem inn på Elvdalsvegen i starten av turen.
http://www.volda.kommune.no/artikkel.aspx?MId1=122&AId=1461

Tilgjengeleg med rullestol

Ja

Kvar startar turen?

Frå Volda sentrum følger du E39 til ei rundkøyring der du kan ta av til Stryn, Vikebygda eller sjukehuset. Ved denne rundkøyringa startar turen.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 2,0
Fast grus 6,0
Lengde tur/retur (km) 8,0
Stigning meter grader
Total stigning 164 Høydemeter

Offentlig transport

Ringruta i Volda. Det går ofte buss frå Volda sentrum mot sjukehuset
http://www.177mr.no/

Spesielle forhold

Det er mogleg å parkere ved Høgskolen. Parkeringa kan vere full på dagtid, men har som regel god plass på ettermiddagen.

Kart

Nærturkart for Volda