Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om turen

Gradering

Kommune

Hareid

Type tur

Fottur

Gradering

X Grønn

Lengde tur/retur (km)

10

Lengde en vei (km)

5

Skriv ut Kjørebeskrivelse

Flere bilder

Rotarystien

Kvifor gå denne turen?

Enkel tursti frå elveosen ved sjøen på Indre Hareid og til bilvegen i Kaldholen. Turen er ca 5,5 km lang. I Hareidelva som er ei fin fiskeelv, kan ein få både aure og laks!

Kvar i terrenget går turen?

Vi startar ved eit eldre industriområde og kjem etter ca 200 m fram til eit nyrestaurert kvernhus, vidare til restane av ei demning for kraftverk, stadar der det har vore drive sjellsanking/perlefiske og badedam. Langs elva er også fleire fiskeplassar for laks og aure. Etter passering av utløpet til Grimstadvatnet og held stien fram langs grensa til Naturreservatet der ein har eit ope landskap med utsikt over vatnet og får tilgang til Kaldholelva Naturreservat.

Ein kan gå eller sykle, og starte på fleire stader langs stien etter eige behov

Kulturminne

Kvernhus, rester av en demning for kraftverk, perlefiske, badedam, elvemusling, laksefiske etc.

Tilgjengeleg med rullestol

Nei

Kvar startar turen?

Ein kan gå eller sykle og finne stien ved elveosen på Indre Hareid, ved enden av Kvennhusvegen, ved brua nær Ekornnesfabrikken, frå riksvegen på Grimstad og frå bilvegen nær Kalholelva.

Kvar endar turen?

Stien sluttar i Kaldholen i Hareidsdalen.

Kvar kan du parkere?

Det er gratis parkeringsplassar ved alle startstadane.

Rute på kart

Underlag Lengde i km
Fast grus 10
Lengde tur/retur (km) 10
Lengde en vei (km) 5
Stigning meter grader
Total stigning Nesten ingen stigning Høydemeter

Offentlig transport

Gåtur fra Hareid sentrum.

Mobildekning

Det er mobildekning

Kart

Kart over Hareid kommune.