English

Roskarristninga

Herøy

Kort om turen

Helleristningane i Roskaret. Denne turen går til det freda kulturminnet Roskarristninga som er ei helleristning truleg frå den eldre jarnalder. Roskarristninga ligg i eit område som var den vanlege ferdselsåra mellom aust og vest over Gurskøya. Der står gode informasjonstavler både ved rutestart og ved helleristninga.

Ruteskildring

Turen startar på parkeringsplassen ved garden Rødskar. Gå 20 m nordover til vegkrysset og gå vestover traktorvegen ca 450 m, ta så til venstre (sørover) og følg råsa bort til helleristningane.

Tilkomst og parkering

Ta av frå fv 61 i vegkryss austapå Leikong kyrkje skilta mot Voldnes. Køyr fv 5870 ca 4,3 km og ta av til høgre og køyr kommunevegen ca 3 km, då er du på parkeringsplassen før garden Rødskar. Parkeringsplass ved rutestart.
Fottur
Grønn
Lengde
0,64 km en vei
Stigning
32 m
Tidsbruk
25 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
172 moh
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 0,3

Anna

TEIKN IKKJE I BERGA Den mjuke olivinen har freista mange til å skjere namnet sitt inn i berga. Nokre namnetrekk er rett gamle og meir som kulturminne i seg sjølv. Men omfanget av skikken trugar ristningane direkte og også heilskapsinntrykket av berga. Å teikne i berga er forbode! Likeeins all bruk av åpen eld. Bergkunst er eldgamle, sårbare kunstskattar. Far difor fint fram. Ristningane er freda etter kulturminnelova §§ 3 og 4. Der er bandtvang for hund.

Kart

Turkart ytre søre Sunnmøre, M711 1119 II, Sunnmorskart.no
Køyreskildring
Print ut