English

Roparen (frå Surnadalsøra)

Surnadal

Kort om turen

Turmålet Roparen byr på ein flott utsikt og ein rastebenk du kan nyte den frå. Turen er ikkje lang, berre 2,4 km tur-retur, og passeleg for ein liten luftetur på kveldstid, også om ein bur litt unna det som her er startpunkt. Det er ikkje mykje stigning, berre omlag 140 høgdemeter mellom lågaste og høgaste punkt på ruta.

Ruteskildring

Start på Surnadalsøra der den austre vegen opp mot bedehuset tek av. (Viss du kjem frå Setergarden, har du da berre passert fire hus på øversida av vegen etter at du kjem til sjølve Øra.) Gå oppover denne vegen, men ta av til venstre rett før du kjem fram til bedehuset. Du fortsett da forbi det øvste huset på Øra og skrår deg vidare oppover og utover lia. Ikkje langt oppi lia, rett etter at du har passert Åsbødammen, deler vegen seg igjen. Vegen fortsett framover, men ein tydeleg sti tek av til venstre oppover. Her svingar du oppover og følgjer merka løype mot Roparen. Etter ei stund kjem du opp på ein skogsveg. Her svingar du til venstre. Følj vegen til du tek inn på merka sti ned mot Roparen på nersida av vegen. Dette tek berre nokre få minutt.

Tilkomst og parkering

Parkering ved startpunktet.
Fottur
Grønn
Lengde
1,2 km en vei
Stigning
111 m
Tidsbruk
55 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
129 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Offentleg transport

Nei

Anna

Stien er skilta. Unngå den ytste kante oppe på Roparen. Her kan masse gli ut og medføre fallfare.

Kart

Friluftskart for Surnadal
Køyreskildring
Print ut