English

Roparen (frå Alpinsenteret)

Surnadal

Kort om turen

Dette vakre utkikspunktet i sentrum av bygda er eitt av dei mest populære turmåla i Surnadal. Mange som bur sentralt i Surnadal, kan gå til Roparen utan først å sette seg i bil. Turbeskrivinga her omfattar derfor berre den siste delen av turen, som er stykket alle må gå: Frå Surnadal alpinsenter og fram til turmålet.

Ruteskildring

Parker eventuelt på merka parkering ved alpinsenteret. Herifrå går du utover etter skilta rute i retning Roparen. Dette er ei strekning på berre ca. 0,9 km, så for mange som bur sentralt i Surnadal, vil det vera naturleg å la bilen stå og gå heimanfrå til dette turmålet. Frå rundkøyringa og opp til parkeringa ved alpinsenteret er det ca. 1 km, frå Amfi Surnadal ca. 2,2 km. Frå krysset ved Tørvollan er det ca. 1,7 km.

Tilkomst og parkering

Startpunktet for denne turen er parkeringsplassen ved Surnadal alpinsenter. Viss du ikkje er lokalkjent, kan du ta utgangspunkt i Amfisenteret i sentrum av Surnadal. Køyr oppover Modalane i krysset som ligg rett ovanfor senteret og følj vegen fram til bygdas einaste rundkøyring. Her fortsett du rett fram etter Grytvegen. Avkøyrsla opp mot alpinsenteret er på venstre side av vegen og er skilta. Parker på merka parkering ved alpinsenteret. Gratis parkering ved startpunktet.
Fottur
Grønn
Lengde
0,9 km en vei
Stigning
52 m
Tidsbruk
35 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
122 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 0,4

Offentleg transport

Nei

Anna

Stien er skilta. Unngå den ytste kanten oppe på Roparen. Her kan masse gli ut og medføre fallfare.

Kart

Turkartet «Fjordruta» (1: 100 000), Friluftskart for Surnadal
Køyreskildring
Print ut