English

Rongane frå Eidsdal sentrum

Fjord

Kort om turen

Dette er ein fin liten rundtur, sentrumsnært i Eidsdal. På vegen går du framom "Grytesteinen". Her er det tydeleg spor etter korleis menneske for fleire tusen år sidan har freista å lage gryter frå klebersteinane. Turen er prega av fin tilrettelegging med små overraskingar undervegs.

Ruteskildring

Parker på ferjekaia i Eidsdal. Gå i retning Norddal, ca. 200 meter. Rett etter brua tek ein av til høgre, og følger merka sti mot Rongane.

Første hundre meterane er bratte, men råsa slyngar seg fint oppover. Så slakar det av, og du kjem inn i eit sauebeite. Det kan også vere hestar på beite her. Turen går langs med eit gjerde opp til Grytesteinen. Her er det kasse med turbok. 

Frå posten følgjer du råsa eit lite stykke oppover og kjem inn på ein skogsveg. Følg vegen i slak stigning vidare nokre hundre meter, og du kjem til turposten på Rongane. Kanskje vil du kvile deg på benken og nyte utsynet ned mot fjorden før du held fram på turen?

Rundturen går ned råsa 20 meter sørvest for turposten, gjennom eit fint rydda beite. I eit slakare parti går du framom ei gammal utløe. Her svingar råsa til venstre/sørvest ned til eit elvegjøl. Siste biten ned mot busetnaden går råsa tett på den vesle bekken.

Vi kjem inn på kommunevegen i byggjefeltet i Kalvegjerdet og følgjer han til venstre ned på hovudvegen. No er det berre å rusle nedover att til sentrum på den asfalterte gangvegen, omlag 1 km.  

Alternativ rute til Rongane og ein annan liten rundtur finn du under turskildringa Rongane frå Eidsdal skule.

 

Tilkomst og parkering

Turen startar i Eidsdal sentrum, og du kan parkere her.

Fottur
Grønn
Lengde
2 km rundtur
Stigning
132 m
Tidsbruk
55 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
135 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 1,1
Sti 1,1

Offentleg transport

For buss frå Ålesund til Valldal/Geiranger og ferjerute Eidsdal - Linge, sjå http://www.frammr.no

Kart

Turkart for Norddal 1: 50 000
Køyreskildring
Print ut