English

Romsdalsfjorden rundt

Molde

Kort om turen

Fin tur i variert terreng rundt Romsdalsfjorden. Startstad er Bolsøya, sluttstad er Molde.

Ruteskildring

Start ved Fannefjordstunellen på Bolsøya. Sykle så til Sølsnes kor det er ferge over til Åfarnes. Deretter på rv 64 til Åndalsnes. Frå Åndalsnes sett ein kursen mot sørsida av Romsdalsfjorden, og første utfordring er Innfjordstunellen. Bruk refleks og lys på sykkelen. Hald fram gjennom Innfjorden og sykle mot Måndalen. I Måndalen kjem du til ein tunell, denne kan du omgå ved å sykle langs gamalvegen på yttersida av tunellen. Turen held fram i kupert terreng forbi Vågstranda, Hjelvika og til Vikebukt. Deretter relativt flatt rundt Tresfjorden til Vestnes, før siste innspurt til fergekaia på Furneset.

Tilkomst og parkering

Bolsøya. Ta buss dit eller personbil (som du må hente seinare då det ikkje er lov å sykle i den undersjøiske Fannefjordstunellen). Husk pengar både til buss og ferge. Parker på parkeringsplass rett etter/før Fannefjordstunellen.
Sykkeltur
Blå Landevei
Lengde
129,75 km en vei
Stigning
1025 m
Tidsbruk
19 t. 55 m
Høyeste punkt
173 moh

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 123

Offentleg transport

Buss til Bolsøya, for ruter sjekk http://www.frammr.no

Kart

Fylkeskart Møre og Romsdal, Kartblada Vestnes og Åndalsnes,
Køyreskildring
Print ut