English

Røfsdalsætra- Lundagjerde

Vanylven

Kort om turen

Bomvegen til Røfsdalsætra er ein mykje nytta turveg. Her kan du gå eller sykle, og vegen er fast og fin og egnar seg også for dei med barnevogn. Myklebust sameige har plassert ut rasteplassar i området og den fyrste finn du nokre hundrede meter framom inntaksbassenget til Syvde vassverk. Her finn du og hjertesteinen og er du i det romantiske hjørnet må du stoppe litt her. Lenger inn i dalen, fram om vatnet kallast det Buholm. Her har Myklebust sameige plassert nok ein rasteplass ved murane til ei gamal gjetarbu. Den siste rasteplassen finn du ved vegenden, på ei idyllisk grasslette ved elva og ei bjørk med særpreg. Kvar haust inviterar grunneigarane i Myklebust sameige til Kredefest. Då vert det kasta med not og alle får forsyne seg med steikte krede

Ruteskildring

Frå Syvde går det ein bomveg fram til Røfsdalsætra og vidare forbi Sætrevatnet til vegenden ved Lundagjerdet. Vegen har jamn stigning fram over Gåtå, som vegen til Røfsdalsætra kallast. På Røfsdalsætra vidar dalen seg ut på ei slette og vegen er flat innover Stuttestranda langs vatnet, forbi Buholm. Herifrå går vegen langs elva inntil den ved Holeskylet stig bratt oppover til Solglytt. Her er vi på vegens høgaste punkt og herfrå er det ikkje mange hundrede meterane til vegenden og parkeringsplassen i Lundagjerde.

Tilkomst og parkering

Sætrevegen er bomveg og startar på Smedbøen, der fylkesvegen svingar til høgre imot Sørdalen. Røfsdalen er eit fint utgangspunkt for korte og lengre fjellturar, og det er tilrettelagt for parkering på Røfsdalsætra og i Lundagjerde. I Røfsdalselva og i Sætrevatnet kan du prøve fiskelukka. Vassdraget er lakseførande so hugs å kjøp fiskekort hos Myklebust sameige eller hos Sørdal Kjøtt. Du kan parkere langs Sætrevegen i området der Myklebust sameige har kassa for vegavgift. Sjå til at store køyretøy kan passere.
Fottur
Grønn
Lengde
5,6 km en vei
Stigning
300 m
Tidsbruk
3 t. 35 min.

Løype på kart

Kart

Turkart: På tur i Vanylven – kan kjøpast i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven
Køyreskildring
Print ut